Semesterslutt 2019/2020

Fredag 26. juni stenger KHiO campus for studentar og opnar igjen ved semesterstart måndag 17. august.

På denne sida har vi samla ulike informasjonsskriv og oversikt over viktige datoar og fristar i samband med avslutning av studieåret.

Viktige datoar

Juni

19. og 26. Verkstader stenger for sommaren
26. Siste frist for å rydde ut studentarbeid og garderobe (hugs regur av lånt utstyr)
26. Biblioteket stenger (Bestill-og-hent-tenesta er også stengt frå denne dagen)

Juli

3. Sentralbordet stenger (kl. 15.00)
3. Servicesenteret stenger
10. Siste frist for anvisning av fakturaer (kl. 12.00)
27. Sentralbordet opnar (kl. 09.00-15.00).
27. Servicesenteret opnar og er betjent kl. 08.00-15.00

Semesterstart

For fullstendig oversikt over semesterstart, klikk her.

Anna informasjon

Drift

Informasjon om sommerstengning, rydding og lagring 2020 (pdf norsk) - (pdf English)

Post og arkiv

I veke 30 (20.-26. juli) vil arkivet ikkje være tilgjengelig og det vil ikkje bli registrert post i Public360, men alle brukarar har framleis full tilgang til systemet. Dersom det kjem inn post med kort svarfrist vert ein kopi vidaresendt til rett seksjon/person, - originalen vert lagt til arkivet og i ettertid registrert i Public360. Post som ikkje skal saksbehandlast i Public 360 (som faktura, timelister, direkteadressert post, invitasjonar, spørsmål om opptak m.m.) blir som vanlig fordelt direkte til posthyller i postrommet eller videresendt på e-post heile sommaren.

Ventilasjon og kjøling

I juli vil høgskolen ha svært avgrensa drift av ventilasjon- og kjølingsanlegg, noko som betyr at lokala kan bli til dels varme. Alle tilsette må gjerne benytte sin faste kontorarbeidsplass i denne perioden, men vert oppmoda om å benytte seg av ein ledig pult inne i kontorlandskapet der store delar av administrasjonen til vanleg held til. Her vil ventilasjon og kjøling være som normalt gjennom heile juli månad, og med gode arbeidsforhold. Ta med laptopen og finn ein ledig pult, det skal leggast til rette for nettopp dette. Dette kontorlandskapet er i 2. etasje i bygg 2.3 sør – i etasjen over rektoratet.

Lønn

Oppdatert køyreplan over lønn (sharepoint)


Semesterstart

Informasjon om semesterstart, klikk her