Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 97, Firefox (Android) 95, QQ browser 10.4, UC browser 12.12, Android WebView 97, Baidu 7.12, Chrome 97, Chrome 96, Chrome 95, Chrome 94, Edge 97, Edge 96, Firefox 96, Firefox 95, Firefox 94, Firefox 91, Firefox 78, Internet Explorer 11, Safari/Chrome (iOS) 15.2-15.3, Safari/Chrome (iOS) 15.0-15.1, Safari/Chrome (iOS) 14.5-14.8, Safari/Chrome (iOS) 14.0-14.4, Safari/Chrome (iOS) 12.2-12.5, KaiOS 2.5, Opera Mini, Opera Mobile 64, Opera 82, Opera 81, Safari (MacOS) 15.2-15.3, Safari (MacOS) 15.1, Safari (MacOS) 14.1, Safari (MacOS) 13.1, Samsung 16.0, Samsung 15.0

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Oppsummering etter styremøte 26.10.21

Styret behandla prosess for ny strategisk plan, mal for utlysing av dekanstillingar, statsbudsjettsøknad 2023 og oppfølging av Nokut-rapport.

Strategisk plan er forankra i rektoratet og prosessen startar med styreseminar i november 2021 og deretter involvering av heile organisasjonen fram til vedtak mot slutten av 2022. Den nye planen er tenkt gjelde i fire år frå 2023. Det blir dedikert administrativ støtte for rektoratet i om lag 60 % stilling til å støtte opp om prosessen.

Dekanstillingane får ein ny og meir heilskapleg mal for utlysingstekst ved rekrutteringar. Dekanstillinga er ei åremålsstilling for fire år og ved framtidige stillingsutlysingar blir det heretter stilt krav om høg kompetanse innan avdelingas fagområde og dokumentert førstestillingskompetanse basert på utøvande eller skapande kunstnarisk verksemd, eller doktorgrad innan kunstnarisk utviklingsarbeid.

Statsbudsjettet 2023 var sak med KHiOs søknad med forslag utanfor ramma (det ordinære driftstilskotet). I budsjettsøknaden prioriterer styret 1) stipendiatstillingar for kunstnarisk utviklingsarbeid og 2) infrastruktur for kunstnarisk utviklingsarbeid.

Godkjent protokoll frå styremøte 26.10.2021 (pdf)


Denne oppsummeringa er tilgjengeleg for studentar og tilsette på Kunsthøgskolens intranett. Til vanleg er ikkje vedtak i saker som er unnateke offentlegheit tatt med. Den formelle protokollen frå møtet vert publisert på khio.no etter at referatet er godkjent av styret.