Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 97, Firefox (Android) 95, QQ browser 10.4, UC browser 12.12, Android WebView 97, Baidu 7.12, Chrome 97, Chrome 96, Chrome 95, Chrome 94, Edge 97, Edge 96, Firefox 96, Firefox 95, Firefox 94, Firefox 91, Firefox 78, Internet Explorer 11, Safari/Chrome (iOS) 15.2-15.3, Safari/Chrome (iOS) 15.0-15.1, Safari/Chrome (iOS) 14.5-14.8, Safari/Chrome (iOS) 14.0-14.4, Safari/Chrome (iOS) 12.2-12.5, KaiOS 2.5, Opera Mini, Opera Mobile 64, Opera 82, Opera 81, Safari (MacOS) 15.2-15.3, Safari (MacOS) 15.1, Safari (MacOS) 14.1, Safari (MacOS) 13.1, Samsung 16.0, Samsung 15.0

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Køyr reklame!

Køyr reklame!

Vil du hjelpe oss så KHiO får endå fleire fantastiske og kreative studentar?

Til studiestart hausten 2021 skal KHiO rekruttere nye studentar til 22 forskjellige studieprogram.

Måndag 16. november startar den store rekrutteringskampanjen. Vidaregåande skolar og forskolar får tilsendt informasjon. KHiO har bannerannonser i sosiale media. 

Også alle tilsette og studentar får tilsendt marknadsføringsmateriell som vi håpar kan bli spreidd vidare til potensielt interesserte søkjarar. Og du kan dele, og like, i sosiale media.

Studere ved KHiO?

Kommunikasjonstemet har laga tre plakatar og ni reklame-DM til potensielle søkjarar til å bli student på KHiO.

Plakater På Vegg

Plakat

Det finst tre forskjellige reklameplakatar:

  • KHiO generell (norsk) - last ned pdf (print) og png (web)
  • KHiO søknadsfristar (norsk) - last ned pdf (print) og png (web)
  • KHiO generell (engelsk) - last ned pdf (print) og png (web)

Plakatane kan stå enkeltvis eller samla i gruppe, for eksempel på ei stor oppslagstavle.

Dette skjer:
Vidaregåande skolar og forskular i heile landet får e-post der vi ber dei laste ned og henge plakatar på oppslagstavler på campus.
På KHiO blir plakatane vist på informasjonsskjermen i servicesenteret og på oppslagstavler.

Vi treng hjelp til:
Tilsette og studentar: Last ned plakaten, ta utskrift i A3 og henge opp ein stad du veit "flokken vår" går forbi!

DM

DM står for direct mail og betyr reklame sendt via e-post. Den inneheld kort informasjon om studium og søknadsfrist med bilete frå faget og lenkje til intervju med tidlegare studentar. Versjonen er tilpassa for mobiltelefon (som ca 80 % vil bruke når dei mottar meldinga).

KHiO-DM finst i ni forskjellige versjonar, ein generell på norsk og engelsk, og sju fagspesifikke på norsk (lenkjene fører til nettversjonen):

Dette skjer:
Vidaregåande skolar og fagskolar får tilsendt generell DM med informasjon om dei 22 studieprogramma.
Tilsette og studentar får e-post med DM for det studiet/den avdelinga du jobbar eller studerer.

Vi treng hjelp til:
Student: Vidaresend DM til ein person du trur kan være interessert!
Fagtilsett: Vidaresend DM til andre fagpersonar i bransjen som er i kontakt med potensielle studentar.

Vil du ha e-post med DM til andre avdelingar enn den du fekk tilsendt? Send melding til kommunikasjon@khio.no

NB! DM via e-post kan du også lese i nettversjon, men det er diverre teknisk umogleg å gjere det motsett, dvs. vidaresende nettversjonen/nettsida som DM via e-post.

Annonsevignett

Til kvar av søknadsfristane er det laga annonsevignett til sosiale media. Desse blir publisert ca. ein månad før søknadsfristen går ut.

Dette skjer:
Annonsevignettar som blir publisert på KHiO sine sider på Facebook og Instragram.
Enkeltannonsar i spesielle fagtidsskrift (bestilt av fagavdelingane spesielt).
Søknadsfristane blir annonsert i nyheitsbrevet På KHiO, som går ut kvar måndag.

Vi treng hjelp til:
Tilsette og studentar: Del den glade bodskap på di eiga Facebook-side eller eigen Instagram-konto! Fyll gjerne på med ei personleg historie, bilete eller video, frå arbeidsplassen der du jobbar. Hugs å tagge med #khio + eventuell emneknagg for faget/studiet.

Søknadsfrist Facebook Instagram Nedlastbar fil
01.12. lenkje lenkje lenkje
15.12.  lenkje lenkje lenkje
01.02. lenkje
lenkje (Master teater)
lenkje
lenkje (Master teater)
lenkje
lenkje (Master teater)
22.02.  lenkje lenkje lenkje
06.04. lenkje
lenkje (grafisk design og illustrasjon)
lenkje (interiørarkitektur og møbeldesign)
lenkje (klesdesign og kostymedesign)
lenkje (medium- og materialbasert kunst og billedkunst)
lenkje
lenkje (grafisk design og illustrasjon)
lenkje (interiørarkitektur og møbeldesign)
lenkje (klesdesign og kostymedesign)
lenkje (medium- og materialbasert kunst og billedkunst)
lenkje
lenkje (grafisk design og illustrasjon)
lenkje (interiørarkitektur og møbeldesign)
lenkje (klesdesign og kostymedesign)
lenkje (medium- og materialbasert kunst og billedkunst)