
Det blir først til mølla
100 billettar til seremonien med innsetjing av nytt rektorat blir lagt ut måndag kl. 10.00. Tilsette og studentar får e-post med invitasjon og påmeldinga blir organisert etter "først til mølla-prinsippet".
Dei som bestiller først vil få plass, når taket på 100 plassar er nådd får du melding om at arrangementet er fullteikna.
Det er på grunn av gjeldande smittevernsreglar at det er eit sterkt avgrensa tal plassar og krav om deltaking med registrert billett.
Direktesending på KHiO YouTube
Seremonien er tysdag 14. september kl. 15:00-16:00.
Arrangementet blir strauma på KHiOs YouTube-kanal. For å delta klikkar du på lenkja på arrangementsomtalen som ligg på khio.no.
På denne måten blir arrangementet også tilgjengeleg for eksterne.
Servering på campus
Rett etter arrangementet, kl. 16:00, er alle tilsette og studentar invitert til servering av kake, bobler og frukt.
Det blir servering frå to lokasjonar; prosjekttorget og servicesenteret.
Hugs å følgje smittevernsreglane og hald avstand.
Om folk kjenner behov for å bruke maske eller ta test finst dette tilgjengeleg i servicesenteret.
Scenetorget blir avstengt
På grunn av brannvernforskrifter, smittevernsreglement og rydding er vi diverre nøydd til å stenge av utgang til scenetorget frå tilstøyande undervisningsrom og scener i samband med arrangementet. Tysdag 14. september frå kl. 14.00-16.00 vil også inngangar gardsplassen mot scenetorget vere avstengt. I dette tidsrommet vil berre gjestar med billett ha tilgang til scenetorget (vrimla).
Takk til alle som sporty har stilt opp og endra undervisningsplan og rom.
Spørsmål?
Send ein e-post til leiaren av arrangementskomiteen.