Your browser is not supported by khio.no. To view this site please upgrade or use another browser. If you can't use a modern browser, try disabling javascript, which will make khio.no simple, but mostly usable.

Supported browsers: Chrome 117, Firefox (Android) 118, Android WebView 117, Chrome 117, Chrome 116, Chrome 115, Chrome 114, Chrome 109, Edge 117, Edge 116, Firefox 118, Firefox 117, Firefox 91, Firefox 78, Safari/Chrome (iOS) 17.0, Safari/Chrome (iOS) 16.6, Safari/Chrome (iOS) 16.3, Safari/Chrome (iOS) 16.1, Safari/Chrome (iOS) 15.6-15.7, Opera Mobile 73, Opera 103, Opera 102, Opera 101, Safari (MacOS) 17.0, Safari (MacOS) 16.6, Safari (MacOS) 15.6, Samsung 22, Samsung 21

Javascript is disabled. khio.no should still be usable, but the user experience will be simpler.

Å studere på KHiO 2018: Operahøgskolen

Å studere på KHiO 2018: Operahøgskolen

Namn: Mikkel Fjeld Skorpen 
Alder: 27 år
Studium: Master i opera, avdeling Operahøgskolen

– Kva tenkte du den dagen du kom inn på KHiO?

– Det begynner faktisk å bli ganske mange år sidan, for eg hadde eit opphald mellom MA 1 og MA 2. Men eg hugsar eg blei veldig glad. Eg studerte i Nederland da, og det var ikkje bra, det var lite praksisretta, eg måtte ta songtimar utanfor skolen for å lære det eg meinte eg trong for å bli god, og undervisinga der var veldig generell. Det er verkeleg mykje betre her.

– Korleis vil du skildre livet på KHiO?

– Travelt. Kreativt. Utfordrande. Det er jo min andre heim, eg er her i helger, kveldar, og det er eit tett miljø. Det er hyggeleg her.

– Kva har hatt størst tyding for utviklinga di dei åra du har vore her?

– Det som har hatt aller størst tyding for utviklinga mi, er at vi får prøve oss på større roller i produksjonane. Vi får store utfordringar og får arbeide saman med dyktige regissørar og dirigentar. Til dømes da Jacopo Spirei regisserte Poppeas kroning på KHiO – det var ei stor oppleving. Og Figaros bryllup som var avgangsframsyninga vår i Operaen no i vår. Det er verdt å merke seg korleis nivået på operautdanninga her skyt fart. Dekan Tore Dingstad har god styring og er veldig dyktig. Til dømes har vi ein heilt fantastisk russisk pianist inne no, Olesya Tutova, og eg meiner vi er komne opp på eit internasjonalt nivå.

– Kva har vore morosamast?

– Vi har hatt det ganske mykje kult, altså, men eg trur faktisk eg må svare at det som har vore aller mest gøy, var førre veke. Vi har hatt ein 10 dagar lang arbeidsverkstad med Stefan Herheim, ein av dei leiande operaregissørane i verda. Og dei har fått han inn her fast, i ein liten tilsettingsprosent, så han kjem til å komme tilbake kvart einaste år. Det er inspirerande.

– Kva no?

– Ja, kva no? Først skal eg ha masterpresentasjon 19. juni, så det er fullt køyr fram til da. Vi vel oss ei hovudrolle frå ein opera og øver inn heile rolla. Eg har valt Faust, og Nora Oleanne Sårheim i klassen min har valt Margeritt frå same opera, så vi gjer dette saman, og har med oss fullt orkester, i eit 2 x 40 minutt langt utdrag. Vi gjer alt sjølv, men kostyme ordnar Signe på kostymeavdelinga.

– Og til hausten har eg fått jobb i Operaen, som solistpraktikant!

– Så heldig du er, gratulerer!

– Nei, eg er ikkje heldig, det er jo ikkje eit lotteri, dette har eg jobba hardt for. Eg trur aldri eg har gråte så mykje som da eg fekk den e-posten. No veit eg kva eg skal gjere dei første 11 månadene etter eg er ferdig, og det blir ei uvurderleg og lærerik erfaring. Men eg hadde faktisk debuten min nett no. Eg steppa inn for ein tenor som var blitt sjuk, dei ringde meg same dag, og eg hadde berre nokre timar på å førebu meg. Så var det tilfeldigvis ein venn av oss som hadde hovudrolla, og difor var det mange venner og kjente i salen. Det blei ei fantastisk oppleving, med heiarop og klapp. Det var stort. Det er jo dette eg vil.