Annemarie Bechmann Hansen
Foto: Magnus Solhaug

Frå Utdanningsdirektoratet til Kunsthøgskolen

Annemarie Bechmann Hansen er tilsett som ny direktør på Kunsthøgskolen i Oslo. Ho er i dag divisjonsdirektør for regelverk og finansiering i Utdanningsdirektoratet.

– Vi er svært tilfredse med å få Annemarie Bechmann Hansen som ny direktør på Kunsthøgskolen i Oslo, seier rektor og styreleiar Jørn Mortensen i ein kommentar. – Bechmann Hansen har dei rette føresetnadene som skal til for å være med å leie Kunsthøgskolen i Oslo inn i ei framtid prega av spanande strategiske målsetjingar som eigen kunstnarleg ph.d.-grad, større samhandling mellom fagområde og fagavdelingar, og fokus på kvalitet i utdanning og forsking. Annemarie Bechmann Hansen har kvalitetar som har gitt svært gode resultat i tidlegare jobbar, og nå ser vi fram til å nyte godt av desse kvalitetane her på Kunsthøgskolen, seier Jørn Mortensen.

– Eg likar sterke fagmiljø der meiningar brytas og det er høgt under taket, seier Annemarie Bechmann Hansen. – Ueinigheit er ikkje farleg, ein må berre vere einige om korleis ein handterer det. Det blir eit privilegium å få jobbe med høgt motiverte studentar og med folk og fag i eit faglig og tverrfaglig miljø. Å utvikle studentane skal både handle om å utfordre og støtte. Eg har vore leiar i mange år og har jobba mykje med organisasjonsutvikling, fagutvikling og -formidling. Eg er tilhengar av orden i sysakene. Ein god infrastruktur, orden med pengar, god personalpolitikk og ryddigheit i måten ein handterer saker på er viktig. Og så skal man ha det gøy, seier Annemarie Bechmann Hansen.

Annemarie Bechmann Hansen (52) er utdanna siviløkonom frå Handelshøgskolen BI og har i tillegg fag frå juridisk fakultet ved København Universitet. Ho har mange års erfaring som linjeleiar i Utdanningsdirektoratet, Kommunal- og regionaldepartementet og Statens arbeidsmiljøinstitutt. Ho har arbeidd med oppdrag knytt til omstilling og organisasjonsutvikling i Agenda Utredning og Utvikling AS, og har i tillegg erfaring frå internasjonale møte i OECD/Governing Complex Education System og SICI. Annemarie Bechmann Hansen er født og oppvaksen i Danmark før ho flytta til Noreg i 1984 og vart norsk statsborgar i 1996.

Kunsthøgskolen i Oslo er landets største utdanningsinstitusjon for kunstnarar og designarar med seks avdelingar: Balletthøgskolen, Design, Kunstakademiet, Kunst og handverk, Operahøgskolen og Teaterhøgskolen. Kunsthøgskolen tilbyr ei rekke utdanningar på bachelor- og masternivå, og har over 500 studentar, 200 tilsette og 900 time- og gjestelærarar. Kunsthøgskolen held til på Grünerløkka i den ombygde Seilduksfabrikken ved Akerselva. Med eit areal på 45.000 m2 er dette eit av Nord-Europas største anlegg for kunst og design.

Stillinga som direktør ved Kunsthøgskolen i Oslo er ei åremålsstilling for seks år. Tidlegare direktør Gyrid Garshol avslutta sitt åremål i januar 2016 og i interimsperioden har Jon Ivar Strømmen vore konstituert i stillinga. Annemarie Bechmann Hansen tiltrer stillinga 8. august 2016.

Foto: Magnus Solhaug

Kontakt

rektor Jørn Mortensen
telefon: 945 23 328
e-post: JornMort@khio.no

Annemarie Bechmann Hansen
telefon: 951 95 645
e-post: abh@udir.no

kommunikasjonssjef Atle Faye
telefon: 913 47 369
e-post: atle.faye@khio.no