Tora Endestad Bjørkheim

Tora Endestad Bjørkheim (f. 1986) har bachelor- og mastergrad frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen.  Ho er tilsett som høgskulelektor i tekstilkunst i 40% åremålstilling for ein periode på 4 år.

Tora Endestad Bjørkheim er kunstnar med base i Oslo. Saman med Johnny Herbert starta ho avispublikasjonen Grafters’ Quarterly i 2014, som i dei fire første utgåvene har fokusert på improvisasjon, abstraksjon, fetisjisme, arbeid og rytme. Ho har seinare og arbeida med oppdragsbasert tekstproduksjon. Bjørkheim er medlem av redaksjonsrådet i Norwegian Crafts og Tidsskriftet Kunsthåndverk, og var i 2016 gjesteredaktør for sistnevnte. I 2017 vart ho vald inn som styremedlem i Norske Kunsthåndverkere.

Utstillingar og prosjekt inkluderer, mellom anna Flat Factory Study Sample, Visningsrommet USF, Bergen; Omformulerte forekomster, Kunstnerforbundet, Oslo; The Partisan Café, Bergen Assembly 2016; Tora Endestad Bjørkheim & Bjørn-Henrik Lybeck, Entrée, Bergen; Moscow Biennale for Young Art III, Moscow Museum of Modern Art, Moskva.