Annemarie Bechmann Hansen

Annemarie Bechmann Hansen er utdanna siviløkonom frå Handelshøgskolen BI og har i tillegg fag frå juridisk fakultet ved København Universitet. Ho har mange års erfaring som linjeleiar i Utdanningsdirektoratet, Kommunal- og regionaldepartementet og Statens arbeidsmiljøinstitutt. Ho har arbeidd med oppdrag knytt til omstilling og organisasjonsutvikling i Agenda Utredning og Utvikling AS, og har i tillegg erfaring frå internasjonale møte i OECD/Governing Complex Education System og SICI.

Annemarie Bechmann Hansen er født og oppvaksen i Danmark før ho flytta til Noreg i 1984 og vart norsk statsborgar i 1996.

Foto: Magnus Solhaug