Fra stipendiat Ane Thon Knutsens utstilling Across the Wires, et samarbeidsprosjekt førsteamanuensis Maziar Raein og skriftdesigner Ellmer Stefan.

Vil du bli stipendiat på KHiO?

Kunsthøgskolen har ledige stipendiatstillingar frå 1. oktober 2018. Søknadsfrist er 15. mars.

English version

Kunsthøgskolen i Oslo skal drive kunstnarleg utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå som produserer ny kunst og design, ny kunnskap og ny innsikt om kunsten og kunstens omgjevnad. Kunstnarleg utviklingsarbeid ved Kunsthøgskolen skal vere banebrytande, sikre fagutvikling og vere forankra i kunstnarleg praksis. Stipendiatstillingane skal kvalifisere for kunstnarleg verksemd, undervisnings- og forskarstillingar innan høgre kunstutdanning og for anna arbeid i samfunnet der det vert stilt store krav til kunstnarleg kompetanse og innsikt.

Kunsthøgskolen i Oslo er med i det nasjonale Stipendiatprogrammet for kunsterisk utviklingsarbeid, og stillingane er innleiingsvis knytt til dette programmet. Kunsthøgskolen er i ferd med å etablere eit eige doktorgradsstudium (PhD) i kunstnarleg utviklingsarbeid. Stipendiatane vil bli overførte til det nye programmet når det har blitt etablert.

For tida har Kunsthøgskolen i Oslo 21 aktive stipendiatar fordelte på alle dei seks avdelingane. For 2018 har Kunsthøgskolen 6 ledige stillingar, og vi søkjer etter stipendiatar med gode prosjekt med nasjonal og internasjonal relevans innafor følgjande fagområde:

  • Koreografi, ved avdeling Dans.
  • Interiørarkitektur og møbeldesign, ved avdeling Design.
  • Grafikk/teikning, tekstil, metall/smykke og kunst og offentleg rom, ved avdeling Kunst og handverk.
  • Biletkunst, ved avdeling Kunstakademiet.
  • Utforsking av stemma og stemma sine utfordringar, mogelegheiter, ulike songteknikkar og vedlikehald relatert til klassisk song, ved avdeling Operahøgskolen
  • Teater (kan omfatte skodespel, regi, scenetekst, scenografi og dramaturgi), med prioritering av prosjekt som bidrar til utvikling av generell diskurs, ved avdeling Teaterhøgskolen.

Oppstart i stillingane er 1.10.2018. Søkjarar må seie kva fagområde dei søkjer til. Søknadsfrist 15. mars 2018

Stilling som stipendiat er ei 3-årig fulltidsstilling med normalarbeidstid og med dagleg arbeidsplass ved Kunsthøgskolen i Oslo. For stipendiatar gjeld rettar og plikter for tilsette ved statlege universitet og høgskolar. Stillinga vert lønna i stillingskode (SKO) 1017 Stipendiat etter Hovedtariffavtalen i LR20 alt.8, med startløn i ltr. 50 kr 436 900 brutto pr år.

Krav til søkjar og søknaden

Søkjar må kunne vise til anerkjent kunstnarisk verksemd/utviklingsarbeid av eit visst omfang og nivå. Søkjar har normalt ein mastergrad innafor relevant kunstnarleg fagfelt eller tilsvarande grad. Dokumentert realkompetanse kan etter særskilt vurdering erstatte kravet til formalkompetanse.

Til søknadsfristen 15.3. skal du søkje gjennom Kunsthøgskolens søknadsportal JobbNorge.

Der skal du også i tillegg lasta opp

Prosjektbeskrivinga skal plassere prosjektet i eit fag/forskingsfelt, og presentere tema, problemstilling(ar), kontekst, metode, og val av arbeids- og presentasjonsformer. Prosjektbeskrivinga må innehalde ein framdriftsplan og gjere greie for særlege behov for faglige og materielle ressursar, eventuelle rettslege og etiske problemstillingar og potensielle samarbeidsinstitusjonar og -partnarar.

Søknad og vedlegg kan være på eit skandinavisk språk eller på engelsk. Alle vedlegga må være elektroniske og kunne lastas opp. Berre materiale sendt innan søknadsfristen vil bli vurdert.

Søknaden og prosjektbeskrivinga vert i første omgang vurdert av ein fagkomité innafor det aktuelle fagområdet. Dei mest aktuelle søknadane vert sende vidare til intervju og ekstern sakkunnig vurdering, før det vert bestemt kven som blir innstilt til stipendiatstillingane,

For meir informasjon om stipendiatordninga, ta kontakt med Linda Thu, LindThu@khio.no eller Therese Veier TherVeie@khio.no. For meir fagspesifikk informasjon ta kontakt med:

Kunsthøgskolen i Oslo har avgrensa kapasitet til å gi individuell rettleiing i søknadsprosessen.

For utfyllande informasjon sjå Retningslinjer for Stipendiatprogrammet for kunstnerisk utviklingsarbeid .

Informasjonsmøte

Kunsthøgskolen i Oslo held eit ope informasjonsmøte for søkjarar onsdag 31.1.2018 kl. 17:00 -19:00 i Auditoriet (ved hovudinngangen) ved Kunsthøgskolen i Oslo, Fossveien 24. Deltaking i møtet er inga føresetnad for å søkje.

Powerpoint frå informasjonsmøtet (pdf)

Opptak av informasjonsmøtet.