Trond Lossius (utsnitt). Foto: Karen Kipphoff

Trond Lossius ny forskingsleiar ved KHiO

Styret ved Kunsthøgskolen i Oslo har tilsett Trond Lossius i ei nyoppretta stilling som leiar for kunstnarisk utviklingsarbeid, forsking og stipendiatprogram.

- Eg er veldig glad for at Trond Lossius er tilsett som leiar for kunstnarisk utviklingsarbeid, forsking og stipendiatprogrammet her på Kunsthøgskolen, seier rektor Jørn Mortensen. - Stillinga er nyetablert som del av vår strategiske satsing på forsking. Vi har ein ambisjon om å styrke både eige arbeid med kunstnarisk utviklingsarbeid og eigne stipendiatar, og sikre at KHiO blir ein sentral aktør nasjonalt og internasjonalt, seier Jørn Mortensen.

- Trond Lossius har dei beste føresetnader for å bidra til at vi når desse ambisjonane. Han er kunnskapsrik, har lang erfaring med forskingsbasert kunst, han har institusjonserfaring, og er som type både audmjuk og intelligent. Eg er sikker på at Trond Lossius blir eit viktig tilskot for KHiO, seier rektor Jørn Mortensen.

- Eg ser veldig fram til å kome i dialog med alle fagmiljøa ved KHiO og vere til nytte for dei, seier Trond Lossius. Eg ynskjer å bidra til å vidareutvikle forskingsarbeidet på ein måte som er relevant i ein breiare samanheng, og som ikkje skapar nye og åtskilte akademiske disiplinar på sida av dei profesjonelle kunstfelta. Arbeidet vårt må søke å gje vesentlege bidrag til kunstfelta gjennom produksjon av kunst på høgt nivå, og ved å drive fram medfølgjande forsking, erfaring og refleksjon som er verdifull både innanfor institusjonen og som ressurs for dei frie felta, seier Trond Lossius.

Trond Lossius (51) har ei samansett utdanning med hovudfag i geofysikk, studiar i musikk og komposisjon frå Universitetet i Bergen og som kunststipendiat frå Kunsthøgskolen i Bergen der han også er tildelt professorkompetanse i nye medier. Lossius har brei erfaring frå kunstnarisk utviklingsarbeid og vitskaplig forsking. Han arbeider nå som FOU-koordinator ved BEK – Bergen senter for elektronisk kunst.

Sjå også http://trondlossius.no/

21. august 2017 tiltrer Trond Lossius den nye stillinga som leiar for kunstarisk utviklingsarbeid, forsking og stipendiatprogram ved KHiO. Stillinga som forskingsleiar inngår i rektors leiargruppe og er eit engasjement som følgjer rektoratets funksjonstid fram til 31. juli 2019.

Ny stilling

Stillinga som forskingsleiar er ny og i utlysinga vart følgjande skissert som dei viktigaste oppgåvene:

  • bidra til å bygge gode forskingsmiljø på KHiO
  • bidra til revitalisering av KHiOs strategi innan kunstnarisk utviklingsarbeid og forsking
  • utvikling og forvalting av prosjektportefølgje og nettverk, nasjonalt og internasjonalt
  • fagleg oppfølging av søknader, prosjektleiing og gjennomføring av forskingsprosjekt
  • kvalitetssikring av prosjekt og søknader saman med forskingsadministrasjonen
  • aktiv medverknad i strategisk og forskingsfagleg utvikling av KHiO
  • utvikle og programmere skolens utadretta aktivitetar knytt til kunstnarisk forsking, ikludert KHiOs forskingsveke
  • fagleg koodinering av skolens stipendiatar inklusiv leie stipendiatforum

Pressekommentar

rektor Jørn Mortensen
tlf: 945 23 328
e-post: JornMort@khio.no

Trond Lossius
tlf: 959 22 613
e-post: trond@trondlossius.no

kommunikasjonssjef Atle Faye
tlf: 913 47 369
e-post: atle.faye@khio.no