Tore Dingstad vikarierer som dekan ved Operahøgskolen

Styret ved Kunsthøgskolen i Oslo har tilsett Tore Dingstad som vikar for dekan ved Operahøgskolen for ein periode på eitt år.

-Eg er svært glad for at Tore Dingstad har takka ja til tilbodet om å vere dekanvikar for eitt år på Operahøgskolen, seier rektor Jørn Mortensen ved Kunsthøgskolen i Oslo. -Dingstad er eit svært erfarent fagmenneske med lang fartstid frå Den Norske Opera & Ballett. Han har også erfaring frå høgskolesektoren i tillegg til å vere ein erfaren leiar. I ein periode der vi reviderer og skal implementere eit nytt bachelorprogram i opera, vil Dingstads kompetanse komme godt med. Han vil såleis vidareføre dekan Mira Bartovs initiativ og ambisjonar for Operahøgskolen.

-Eg gler meg til å vere leiar for operautdanninga ved ein så spanande institusjon som KHiO, seier Tore Dingstad. -Saman med to nye professorar og resten av lærarteamet håpar eg å kunne bidra til at Opera-Noreg og operaverda får langvarig glede av dei unge talenta som blir utdanna her. Etter mange flotte år ved Den Norske Opera & Ballett seg er fram til å dele erfaringa mi med nye songarar, som skal inspirere både eit eksisterande og framtidig operapublikum. KHiO har flotte bygningar, men det viktigaste er menneska som arbeider her!

Tore Dingstad har bakgrunn som pianist, cembalist, organist og dirigent med utdanning frå Oslo, Hannover, Freiburg og Paris. Sidan klaverdebut i 1972 og orgeldebut 1973 har han vore aktiv som solist, kammermusikar og akkompagnatør. Dingstad er tilsett i Den norske Opera & Ballett, der han nå er studieleiar, men også har vore engasjert som kormeister og solistsjef. Som førsteamanuensis på Noregs musikkhøgskole har han ansvaret for utdanning av operarepetitørar.

Dingstad byrjar i stillinga 11. oktober og går inn i vikariat for dekan Mira Bartov som har svangerskapspermisjon frå 1. november 2016.

Foto: Erik Berg