Studiebarometer 2016: KHiO-studentar i toppskiktet

Tal frå NOKUT sitt Studiebarometer 2016 viser at studentar ved Kunst og handverk på Kunsthøgskolen i Oslo, er heilt i toppskiktet når det kjem til å vere nøgd med eige studieprogram. Særleg høge resultat er det blant studentane på masterstudiet i medium- og materialbasert kunst.

-Eg vert først og fremst veldig glad for at studentane ved avdeling Kunst og handverk på KHiO opplever studia som relevante og fagleg inspirerande. Å velje ei kunstutdanning er både modig og risikofylt og det kviler eit stort ansvar på kunstutdanningane for å sikre høg fagleg kvalitet og eit inspirerande læringsmiljø. Det gjer godt å sjå at studentane verdset den store innsatsen lærarane legg ned i undervisinga, og at dei opplever å møte eit fagleg ambisiøst læringsmiljø, seier Ellen Katrine Aslaksen, dekan ved Kunst og handverk.

I undersøkinga kjem det fram at studentane på master i medium- og materialbasert kunst ved Kunsthøgskolen i gjennomsnitt gjev 4,4 av 5 poeng som heilhetsvurdering av studiet. Studiet er med i ei gruppe studieprogram som deler andre plass av alle studier i Noreg, berre slått av politistudentane med 4,7 som heilhetsvurdering av eige studie. Poengsum for i kva grad studentane er einig i at dei går på det studieprogrammet dei helst vil gå på er heilt opp i 4,8 poeng.

Andre studentar ved avdeling for Kunst og handverk gjev og høg poengsum til studieprogramma sine. Det er blant anna høg poengsum på læringsutbytte, undervising og rettleiing. Kunststudentane kjenner klare forventingar og høge ambisjonar på vegne av studentane frå fagtilsette.

Korleis kjem de ut samanlika med andre kunstutdanningar?

Kunsthøgskolen i Oslo er i dag den einaste kunsthøgskulen i Noreg, og vi er óg aleine om å ha dedikerte studieprogram med utdanning av kunstnarar innan kunst og handverksfeltet eller det vi kaller medium- og materialbasert kunst. Men samanlikna med kunstutdanninga ved Universitet i Bergen er jo likevel relevant. Det er små skilnader i resultata mellom dei to utdanningane og med så små studentgrupper gjev det lite meining å tillegge desse forskjellane stor vekt. Det som slår meg er heller kor gjennomgåande bra begge utdanningane kjem ut av undersøkinga både med omsyn til læringsmiljø, motivasjon og opplevinga av å vere del av eit fagleg sterkt studiemiljø. At studentane og er så sikre på sitt utdanningsval er kanskje både det mest overraskande og det mest gledelige.

Er det resultat frå undersøkinga du særleg vil trekke fram?

Høg motivasjon og stor innsatsvilje er heilt avgjerande for å lukkas som kunstnar. At studentane havner høgt opp på lista her, viser at dei går inn i kunstutdanninga med stor grad av bevisstheit om desse forholda og at dei tar eit stort sjølvstendig ansvar. Som ansvarleg for det faglege innhaldet i våre utdanningsprogram er eg sjølvsagt og veldig glad for å sjå at studia ved avdeling Kunst og handverk vert opplevd som fagleg utfordrande, avsluttar Aslaksen.

Ein del fag ved Kunsthøgskolen har for få studentar til å delta i undersøkinga. Dei studieprogramma som er kartlagt hos KHiO er masterprogramma i medie- og materialbasert kunst, i biletkunst og i design, samt bachelorstudia i medie- og materialbasert kunst og i biletkunst.

Kunsthøgskolen utfører og i tillegg eiga intern studentundersøking. Resultata av denne kjem i løpet av mars.

Hovudtrekk innan kategorien kunstutdanning i Noreg

77 prosent svarer at dei er frå nøgd til svært nøgd med studiet.
Gjennomsnittet på kor nøgd studentane er ligg på 4,1 poeng. Dei elementa som har størst innverknad på kor nøgd studentane er rangeres slik:

  1. Inspirasjon
  2. Arbeidslivsrelevant
  3. Undervising og rettleiing
  4. Læringsutbytte
  5. Studie- og læringsmiljø
  6. Medvirking
  7. Eksamen

NOKUT sitt studiebarometer vart gjennomført for fjerde gong hausten 2016. Undersøkinga dekker så godt som alle norske universitet og høgskular, totalt om lag 1800 studieprogram. 29000 studentar har delteke i undersøkinga.

NOKUT Studiebarometer 2016

Studiebarometer 2016: Hovedtendenser


Søknadsfrister til Kunsthøgskolen i Oslo 2017