Studentsamskipnaden opnar rådgjevingskontor på KHiO

Tysdag 21. februar opnar Studentsamskipnaden i Oslo kontor på KHiO. Rådgjevingskontoret har ope kvar tysdag og er for studentar som bur eller studerer i nærområdet ved Grünerløkka.

Opningstider: tysdagar

Adresse: KHiO, Fossveien 24, Songstudio 4 og 5 på plan 2 i Scenekunstbygget

Timebestilling

Tilbodet er ope for studenter ved Kunsthøgskolen i Oslo, Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo,  Westerdals og studentar busett i nærområdet. Kontoret er ei forsøksordning.

Mange studentar tar kontakt med SiO studentrådgjeving for å snakke om:

Studiemeistring

  • Manglande motivasjon
  • Problem med studieprogresjon
  • Konsentrasjonsproblem
  • Skrivesperre
  • Problem med å strukturere studiekvardagen
  • Perfeksjonisme
  • Stressmeistring
  • Prestasjons/eksamensangst
  • Studieteknikk

Relasjonsproblem

  • Problem og brot i parforhold
  • Kjærleikssorg
  • Tilhøve til foreldre, søsken og eigne barn
  • Tilhøve til medstudentar og rettleiarar

Kjenslemessige vanskar

  • Tristheit/nedstemtheit
  • Bekymring/engsting
  • Stress
  • Sorgreaksjonar
  • Låg sjølvkjensle

Økonomiske spørsmål

  • Lånekasse-rettigheiter (sjukestipend, foreldrestipend m.m.)
  • NAV-ytingar (arbeidsavklaringspengar, fødselspenger m.m.)

Andre grunnar

  • Isolasjon/einsemd
  • Overgrep/mishandling
  • Mobbing/trakassering
  • Rus
  • Seksuell identitet
  • Uventa graviditet
  • Livskriser