Stormønstring av tresnitt i Nasjonalmuseet

Studentane Marius Johnsen, Eirik Mikkelborg og Franco Cortez ved Kunsthøgskolen i Oslo deltek med performancar på den store utstillinga «Avtrykk. Tresnitt fra fem århundrer» som vert vist i Nasjonalgalleriet. Vernissasje torsdag 5. november

Grafikkstudentane arbeider med tresnitt i ein pågåande og kollektiv prosess. I periodar er kunstnargruppa til stades i utstillinga for å vise publikum korleis dei arbeider med mediet. Dagane dei ikkje er til stades er det vere spor av dei gjennom prosess, verktøy og projeksjonar. I atelieret kan publikum sjølve prøve ut teknikken.

Performance

Torsdag 5.11 kl. 18-20 (vernissasje)
Laurdag 7.11 kl. 13-16
Søndag 8.11 kl. 13-16
Torsdag 12.11 kl. 16-19
Laurdag 14.11 kl. 13-16
Søndag 15.11 kl. 13-16
Torsdag 19.11 kl. 16-19
Laurdag 21.11 kl. 13-16
Søndag 22.11 kl. 13-16
Torsdag 26.11 kl. 16-19
Laurdag 28.11 kl. 13-16
Søndag 29.11 kl. 13-16
Torsdag 21.01. kl. 16-19
Laurdag 23.01. kl. 13-16
Søndag 24.01. kl. 13-16

Sjå også

NRK Østlandssendingen 3.11.2015 (sak nr. 8 - "500 år med tresnitt i Nasjonalgalleriet")

Nasjonalmuseet

Facebook

Klassekampen 11.11.2015: "Tverrsnittet av tresnittet"

Krause kollektivet er eit reint grafikkollektiv med Marius Charles Johnsen (1990), Thomas Iversen (1985), Eirik Mikkelborg (1991) og Franco Cortez (1984). Dei fokuserer på trykkprosessens verdiar og utfordrar måten trykket blir betrakta i samtida. Kollektivet vart oppretta i desember 2014 og tre av dei tar for tida bachelor og master i medium- og materialbasert kunst, spesialisering i grafisk kunst, ved Kunsthøgskolen i Oslo