Sånn er det å studere på Kunsthøgskolen: Balletthøgskolen

–Miljøet her er fantastisk, og vi får utruleg god oppfølging i små klassar. Det har alltid vore draumen å gå på denne skulen, alltid vore draumen å bli dansar. Skulen levde opp til forventingane. Eg er klar til å jobbe som dansar no! seier Geir Baldersheim Leirvåg etter å ha gjennomført bachelor i jazzdans.

Geir Baldersheim Leirvåg (22 år), bachelor frå avdeling Balletthøgskolen

– Det har vore tre flotte år på Kunsthøgskolen. Eg var veldig heldig med klassa mi, for vi har hatt eit sånt fint samhald! Vi er gode vener, og kjem til å halde kontakt etter dette. Eg meiner – sjå! Her sit vi no, ein gjeng i kantina, dagen etter at vi blei ferdig uteksaminert! Vi vil ikkje gå herifrå!

Haugesundingen har jobba heile sommaren og har trena med eit dansekompani i heimbyen. I haust skal han tilbake til Kunsthøgskolen for å ta PPU (praktisk-pedagogisk utdanning).

– Det er nokre fantastiske lærarar her, som følgjer deg opp nært. Dei viser omsorg når dei jobbar med å gjøre deg betre. Du skjøner heile tida at dei vil deg godt, og at dei vil gjere deg til ein betre dansar.
Den første veka på studiet kan narre deg. Då er det ikkje så mange klasser. Men ganske fort kjem hardkjøret i gang, og det er 3-4 klasser kvar dag.

–Tre år har gått så fort! Eg har jobba hardt og lært mykje i desse tre åra, i fantastiske fasilitetar. Og vi har arbeida godt med framføringane!
Det er nokre fallgruver ein kan unngå som fersk student.

–Eg tenker at det første du skal gjere når du kjem inn her, er å ikkje stresse for mykje med å vise at du er god nok. Du har jo kome inn på skulen av ein grunn! Prøv heller fokusere på å utvikle deg best mogleg, jobb med å forhindre skadar, og ikkje misbruk fysioterapeuten si tid med kvar minste skade du får. For du vil bli skada, seier han.

Sjølv blei han alvorleg skada i ein muskel som strekker seg over skulderbladet, og armen hans ble satt ut av funksjon. Dermed byrja eit halvår kor han tolmodig og målretta måtte jobbe seg frisk igjen, med god hjelp frå fysioterapeutar og legar ved Norsk idrettsmedisinsk institutt.

– Miljøet her er fantastisk, og vi får utruleg god oppfølgjing i små klassar. Det har alltid vore draumen å gå på denne skolen, alltid vore draumen å bli dansar. Og skolen levde opp til forventingane. Eg er klar til å jobbe som dansar!

FOTO: Geir Baldersheim Leirvåg i dansepositur utanfor kantina på Kunsthøgskolen.