Peter Løchstøer – eit kulturhusportrett

«Han har studert mote og design i London. Han har selt klede på Portobello Market, jobba for Frelsesarmeen og produsert sju kolleksjonar i Noreg. Nå jobbar han som amanuensis ved Kunsthøgskolen i Oslo og lærer studentar betydninga av å ta samfunnsansvar.»

Slik introduserer NRK møtet med førsteamanuensis Peter Løchstøer ved Kunsthøgskolen i Oslo då han var vekas gjest og portrett i NRK Kulturhuset.

Høyr heile intervjuet på NRK Kulturhuset med hans refleksjonar om oppveksten, reisa til England, klesdesign, det å undervise studentar ved Kunsthøgskolen og det store teatret som heiter "livet".

NRK Kulturhuset 23.02.2016 Innslag 5

Her ser du bilete av nokre av kolleksjonane han har designa og som omtalt i reportasjen.