Per Roar og Bojana Cvejić til Balletthøgskolen

Per Roar Thorsnes er tilsett som professor for master i koreografi og Bojana Cvejić som førsteamanuensis for master i dans og danseteori ved Kunsthøgskolen i Oslo, avdeling Balletthøgskolen.

- Med Cvejić og Roar får Balletthøgskolen to særdeles kompetente og internasjonalt orienterte medarbeidarar med ei omfattande kunstnarleg erfaring og visjonar for utdanninga i dans, seier dekan Suzanne Bjørneboe.

Bojana Cvejić blir knytt til avdelingas nye masterstudie i dans, og skal også undervise og rettleie ved masterstudiet i koreografi, i tillegg til å vere ein ressurs for avdelingas stipendiatar. Masterstudiet i dans er praksisbasert og eit kunstnarleg utøvande studium. Arbeid i studio vekslar med sceniske prosjekt og visningar med ei nær kopling mellom praksis og teori, medrekna estetisk filosofi og dansehistorie.

– Ved Balletthøgskolen er vi opptatt av å styrke og oppdatere teoriundervisninga gjennom å knyte til oss fagpersonar som arbeider kunstnarleg, dramaturgisk og teoretisk i samanheng, og ikkje praktiserer desse kunnskapsområda åtskilt i utdanninga av dansarar og koreografar, seier dekan Suzanne Bjørneboe i ein kommentar til tilsetjinga av Cvejić.

Bojana Cvejić er fødd i Beograd og bur nå i Brussel. Ho er utdanna ved Det internasjonale teaterakademiet i Bochum og musikkavdelinga ved Kunstfakultetet i Beograd. Ho har også ei PhD-grad frå Centre for Research in Modern Europan Philosophy ved Kinston University i London med prosjektet “Choreographing Problems: Expressive Concepts in European Contemporary Dance”. Cvejić har kuratert ei rekke utstillingar og festivalar i Europa, delteke ved ulike forskingsprosjekt og skrive bøker og fagartiklar om danseteoretisk forsking. Ho har undervist ved fleire høgkolar for dans i Europa.

Sjå også nettstaden www.bojanacvejic.info

Cvejić tiltrer 50 prosent stilling som førsteamanuensis i dans og danseteori 1. mai 2017.

Per Roar blir professor og sentral i vidareutviklinga av masterstudiet i koreografi. Masterstudiet i koreografi vektlegg samarbeid og kommunikasjon, og er basert på ei brei forståing av koreografi og iscenesetjing, samt på fagområdets naturlege tilknyting til dans. Sentrale emne er komposisjon, produksjon, teori og prosess.

– Roar er kontekstorientert og forstår dans og koreografi i ein sosiopolitisk samanheng. Dette saman med hans somatiske inngang til kropp og bevegelse og erfaring med tekst, språk og forsking gjev Balletthøgskolen eit viktig tilskot i lærarkollegiets kompetanse, seier dekan Suzanne Bjørneboe i ein kommentar til tilsetjinga.

Per Roar er utdanna ved Balletthøgskolen, supplert med studiar i samtidsdans med vekt på komposisjon, improvisasjon, performance og skapande praksis ved New York Dance Intensive, studiar i dansehistorie og etnologi ved NTNU, sosiologi ved Oxford University og Master of Arts i Performance Studies ved New York University. Han har ein Ph-D-grad i koreografi frå Kunstuniversitetet i Helsinki med prosjektet «Dodudancing Griefscapes». Vidare har han brei undervisningserfaring frå både universitet og høgskolar og har vore koreograf for framsyningar som ”An Unfinished Story” (2006) om sorglandskap i kjølvatnet av krigen i Bosnia og ”If this is my body” (2013) om publikums rolle og oppleving av eigen kropp i møte med dans. Han var også ei drivkraft bak kunstprosjektet Seminarium (2013-2016).

Roar tiltrer 50 prosent stilling som professor i koreografi med programansvar 1. januar 2017.