Av og til kan det hende nokon fortøyer båten sin ved inngangspartiet. Særleg når Akerselva går høgt.

Overlevingsguide til nye studentar

Ny student på Kunsthøgskolen? Her er den viktigaste infoen i sju punkt for ein enklare oppstart.

1. Finne fram

  • Behald roa: KHiO er ein diger ombygd seglduksfabrikk som strekkjer seg over eit heilt kvartal, over 46.000 kvadratmeter og sju etasjar. Du kjem til å gå deg vill. Ofte.
  • Teater: I første og fjerde etasje finst åtte black box-scener og to prøvesalar.
  • Ballett: To blackbox har dansegolv. I sjuande etasje er det ni studio, samt fysioterapeut og treningsrom
  • Opera: Hovudscena er ei proscenium med orkestergrav, og i andre og sjette etasje finst øvingsrom og lydstudio.
  • Galleri: Høgskulen har fleire store gallerirom. Utstilling elles på campus må bli klarert med drift.
  • Verkstadar: 23 verkstadar dekkjer 33 fagområde. Finn verksmeister på di avdeling, og ta kontakt for tilgang. Dei fleste verkstadane ligg i bygget tvers overfor hovudinngangen, Medielaben ligg til høgre for resepsjonen.
  • Atelier: Studentane på visuelle fag har atelier i fleire av høgskulen sine bygg.
  • Biblioteket: Opp trappa frå rommet ved resepsjonen finn du biblioteket, som har den største kunstlitteratursamlinga i landet.

2. Mat

  • Svolten: Seildukens spiseri gøymer seg ned trappa til venstre for hovudinngangen. Deretter inn til høgre, gjennom eit tomt rom (som tidvis blir brukt som galleri).
  • Den franske kantinesjefen veit å velje gode råvarar og lagar mat frå botnen. Prøv makrellen i chilimarinade!
  • Budsjett: Når du har fått studielån kan du være storkar og ete ute på Grünerløkka. Viss du ikkje har råd til å skeie ut, er det to mikrobølgjeomnar inst i kantina, slik at du slepp å stå i kø for å få grilla ostesmørbrødet ditt.
  • Naudproviant: Vrimla har opptil fleire automatar med energibomber og kaffi for lange kveldar.

3. Klede

  • Mote: Det er heilt essensielt å ta seg bra ut, men...
  • Funksjonalitet: ... det er vel så viktig å halde seg varm. Airconditionen på skulen er så effektivt at iskaffien du kjøpte ute i 25 pluss mistar sjarmen når du kjem inn og kjenner at du heller burde ha priortert ullgenser.

4. Tilgang og opningstider

  • Nøkkelkort: Hugs nøkkelkortet ditt! Det er ikkje mykje arbeid du kan gjere frå benken rett innanfor hovudinngangen.
  • Kan eg være på skulen midt på natta? Nestan: Med nøkkelkort slepp du inn frå seks om morgonen, og må ut ved midnatt.

5. Digital kompetanse

  • Brukar, epost og trådlaust nett: aktivering.khio.no.
  • Timeplan.
  • Hugs! Betal semesteravgift innan 10. september, semesterregistrer deg innan 12. september! Begge delar gjer du på Studentweb.
  • Semesterbevis: Når du har betalt semesteravgifta kan du laste ned studentbevis-appen, frå App Store (iOS), Google Play (Android).

6. Helse og velferd

7. Hjelp

  • Drift og IT: Rett innanfor hovudingangen ligg Drift og IT, som kan hjelpe deg med praktiske og digitale problem.
  • Resepsjonen: Dei tre som jobbar i resepsjonen til dagleg har sett forvirra studentar i til saman 47 års yrkeskarriere. Spør gjerne!