Foto: Ksenia Aksenova

Ohlraun til Kunsthøgskolen i Braunschweig

Vanessa Ohlraun, dekan ved avdeling Kunstakademiet ved Kunsthøgskolen i Oslo, blir ny rektor ved Kunsthøgkolen i Braunschweig.

Dette går fram i ei pressemelding frå «Senat und Hochschulrat der Hochschule für Bildende Künste Braunschweig (HBK)».

Les også: HBK: Senat votiert einstimmig für Vanessa Ohlraun als neue Präsidentin

- At Vanessa Ohlraun bevegar seg vidare til ei rektorstilling ved Kunsthøgskolen i Braunschweig, etter fem år som dekan på Kunstakademiet, er ei anerkjenning og stadfesting på at arbeidet Ohlraun har nedlagt på Kunsthøgskolen i Oslo er lagt merke til, seier rektor Jørn Mortensen ved Kunsthøgskolen i Oslo i ein kommentar.

- Eg har samarbeidd med Vanessa Ohlraun i fem år, først fire år som dekankollega og nå eitt år som rektor og hennar faglege leiar. Eg veit kor ambisiøs Vanessa er på område som kunstnarleg forsking, internasjonalisering og fagleg utvikling. Eg anser difor det nye oppdraget til HBK å vere ei naturleg utvikling i Ohlrauns karriere, eg reknar med at dette vil styrke relasjonen mellom KHiO og HBK, og ønskjer henne lykke til og velkomen som rektorkollega.

Fem interessante år

- Eg har hatt fem veldig interessante år på KHiO. Kunstakademiet er i dag eitt av Europas mest dynamiske kunstakademi med studentar som vinn prisar og blir stilt ut i heile verda. Dette er resultat av arbeidet til ein framragande og mangfaldig fagstab, og innovative undervisningsformer, som til dømes det nye masteropplegget «Scenarios for Going Public», seier Vanessa Ohlraun.

- Når eg har takka ja til tilbodet frå Kunsthøgskolen i Braunschweig er det på grunn av den sterke faglege profilen og fokuset på kunstnarleg utviklingsarbeid. Eg ser fram til å samarbeide med mine nye kollegaer i Braunschweig, og vidareutvikle tradisjonane frå kunst og handverksskole og knytte desse opp til utfordringar i dagens digitale samfunn. Med kjente kunstnarar som Marina Abramovic og John Armleder som tidlegare professorar, har Kunsthøgskolen i Braunschweig ei tydeleg global orientering.

Bakgrunn

Vanessa Ohlraun har mastergrad i sosialantropologi, kunsthistorie, tverrfaglige kjønnsstudier frå Humbolt Universität og Freie Universität i Berlin. Ho har vore frilansar og gjestekurator for ei rekke kunstutstillingar i Berlin og Rotterdam, mellom anna ved Witte de With Center for Contempory Art i Rotterdam.

Ohlraun har sidan 2007 jobba som Course Director for masterstudiet i biletkunst ved Piet Zwart Institute på Universitetet i Rotterdam. I 2011 vart ho tilsett som dekan ved Kunstakademiet på Kunsthøgskolen i Oslo. Ho tok fatt på eit nytt åremål i 2015.

Vanessa Ohlaun startar opp i den nye stillinga som rektor (Präsidentin) ved Hochschule für Bildende Künste Braunschweig i byrjinga av 2017.

Les også: Fagprofilen: Vanessa Ohlraun: Kunsthøgskolen ein kulturinstitusjon