Ny dekan ved Teaterhøgskolen

Kunsthøgskolen i Oslo har tilsett Jon Refsdal Moe som ny dekan ved avdeling Teaterhøgskolen

- Jon Refsdal Moe er ein tydeleg og kunnskapsrik teaterperson med stort fagleg mot, seier rektor Jørn Mortensen.
- Kunsthøgskolen i Oslo får ein dekan med kunstnarleg integritet, kritisk kompetanse og interdisiplinær nysgjerigheit som eg veit vil vidareutvikle Teaterhøgskolen som landets fremste utdanning innan teaterfag.

Jon Refsdal Moe er utdanna Ph.D i teatervitskap frå Universitetet i Oslo, og har sidan 2009 vore teatersjef ved Black Box teater. Han har erfaring som teaterkritikar, medlem av Heddakomitéen, jurymedlem for Ibsenprisen, og er i dag AU-medlem i Norsk teaterlederforum.

Refsdal Moe vart tilsett i styremøte 26. oktober og tiltrer stillinga i mai 2016.

Kontaktar

Jørn Mortensen, rektor
telefon 945 23 328
e-post: JornMort@khio.no

Jon Refsdal Moe
telefon 480 39 689
e-post: jonrmoe@gmail.com