Marit Tingleff i storformat på NewArtCentre

Keramikkprofessor Marit Tingleff deltar i gruppeutstilling på det velrenommerte britiske galleriet NewArtCentre med monumentale verk produsert på Kunsthøgskolen.

Gruppeutstillinga Material Language: New Work in Clay opnar 14. mai på NewArtCentre. Keramikkprofessor Marit Tingleff deltar her med verkparet, "Looking in / Looking out I" og "Looking in / Looking out II", begge frå 2014. Dei keramiske arbeida er produserte i verkstad på KhiO keramikk, kor Tingleff har utforska moglegheitene for å byggje store flater

Å bli satt inn i denne samanhengen er sjølvsagt både veldig morsomt og ei stor ære. Arbeida mine viser kor stor skala vi kan bygge på KhiO keramikk. Dei er omlag 230 cm høye, noko som gir ein svært kroppsleg oppleving. Når ein står foran arbeida blir ein nestan omslutta av dei.

Fasilitetane i keramikkavdelinga ved Kunsthøgskolen i Oslo har gitt Tingleff sjansen til å la tyngde­kraf­ta bidra i produksjonen på ein måte ho har hatt lyst til lenge. Arbeida blei bygd horisontalt, før dei blei heisa opp til skråstilt posisjon med spesialveggar i verkstaden. Dermed kunne Tingleff utnytte at målinga (begitningen) rann nedover flata.

Keramikkverka blei opprinneleg laga til Tingleff si soloutstilling Veggobjekter, på Galleri Format i november 2014. Frå 14. mai - 24. juli blir dei å sjå på NewArtCentre, Rouche Court i Wiltshire, sørvest i England. Galleriet viser i hovudsak skulptur og måleri frå britiske samtidskunstnarar, og har også fokus på keramikk. Utstillinga Material Language: new work in clay er kuratert av Sarah Griffin og Alun Graves.

Blant kunstnarane som stiller ut er Nao Matsunga, som også har tilknyting til KhiO keramikk. Han var Artist in Residence på avdelinga i 2015. Utover dette er dei deltakande kunstnarane Neil Brownsword, Phoebe Cummings, Richard Deacon, Keith Harrison, James Rigler, Annie Turner og Jesse Wine.

Marit Tingleff (f. 1954) er professor og fagområdeansvarleg for keramikk ved Kunsthøgskolen i Oslo. Ho er blant dei mest annerkjende keramikarane i landet, med ein særprega stil og framvisning av nye moglegheiter i tradisjonelle teknikkar.

Les meir om Tingleff.