Maktens bitte lille kontor

Å engasjere seg i studentpolitikk på KHiO gir innsikt om organisering av skulen, tilgang til makta sine korridorar og eit lite kontor like ved kantina.

- Eg vil på det kraftigaste anbefale å engasjere seg. Som kunstnar gjer du lurt i å skaffe deg erfaring også med korleis ting funkar administrativt, seier tidlegare Studentrådsrepresentant for design, Alva Brosten.

Saman med Studentrådsleiar, Hans Christian Nielsen, og medlemmar frå dei andre fagavdelingane, har Brosten prega studentdemokratiet ved KHiO. No har dei begge trådd til sida. Ylva Kemi er ny leiar for rådet.

Samlingspunkt

- Studentrådet er ei unik plattform, kor studentane på dei ulike avdelingane samlar seg, seier Brosten.

Som råds- og styremedlem blir ein kjend med skulen - både dei faglege og administrative sidene, på ein unik måte. Deltakinga får ein til å knytte tverrfaglege kontaktar, både med studentane og professorane.

- Å være med i studentdemokratiet er som kunstutdanninga generelt: Du kjem til å bli frustrert. Du blir frustrert, men vil få mykje igjen. Hvis du er smart så er du sosial og då er du med i desse råda. Kunstverdan, designverdan blir jo bygd på kontaktar, seier tidlegare leiar Hans Christian Lichtenberg Nielsen.

Studentrådskontoret

For å finne Studentrådskontoret går du ned trappa til venstre for hovudinngangen, inn i korridoren mot prosjekttorget. Inn mot venstre mot toalettet ligg kontoret gøymt.

Noko av det Nielsen har arbeidt meist med som leiar har vore å opne dørene, og få folk til å bli klar over at Studentrådet fins.

For å skape bevisstheit omkring Studentrådet begynte dei å arrangere utstillingar i kontoret. I tillegg vart ein del av rådet sine midlar øyremerkt til studentar for støtte til prosjekt til beste for fellesskapet. Det vart ein så stor suksess at dei tømde budsjettet.

- Som leiar for studentrådet har eg lært at du må vere avslappa og akseptere at folk ofte ikkje dukkar opp, og om du vil ha folk til å komme så serverar du mat, seier Nielsen.

Nærleik til administrasjonen

Brosten og Nielsen har også sete som studenrepresentantar i Kunsthøgskolen sitt styre og i Læringsmiljøutvalget (LMU). Her har dei komme nærmare administrasjonen og fagstaben.

- Først og fremst syns eg det er interessant å sjå arbeidet bakom, og finne ut korleis lærarane og dei ansatte snakkar saman. KHiO ruttar med store summar. Folk slengjer ut kommentarar, slik som: kan ein ikkje berre fikse det eller det. Men det er jo store prosessar som ligg bak. Det vi lærer i Studentrådet og som studentrepresentantar i styret burde eigentleg være basiskunnskap for alle studentar, seier Brosten

- Eg snakka med nokon andre studentar og nemnde direktøren for KHiO, og dei spurte: har vi ein direktør på skulen? Eg svarte at rektor har fagleg ansvar på skulen, direktøren har ansvar for resten. Det er mange som ikkje anar slik, seier Nielsen.

Erfaringar frå studentdemokratiet

Brosten og Nielsen har høg tillit til styret, og opplever at dei blir sett på som fullverdige styremedlemar, ikkje berre som studentar. Samtidig er det stor skilnad mellom studentdemokrati og skulen sitt øvste organ.

- Styret har stor avstand frå Studentrådet. Det er veldig byråkratisk og meir komplisert, så har du ikkje erfaring kan det fort bli mykje framandord og forvirringar, men det går seg til, seier Brosten.

- Eg trur at om ein får erfaring innan administrasjon i kunstfeltet vil ein forstå betre korleis ting fungerar. Då blir det kanskje ikkje like skremmande å søke om stipend og stønad, fordi du veit kvar du skal gå og kva slags språk du skal bruke

Nielsen framstiller det som eit sosialt eksperiment å følgje med på språket og prosedyrane. Det gir erfaringar som kan bli viktig i vidare kunstnarleg arbeid:

- Hvis ein berre held på med sitt hamnar ein lett i dei same banene. For å komme ut av dei trengjer ein ei eller anna forskyving. Erfaringane du helst ikkje vil ha førar ofte til dei sterkaste forskyvingane. Etterpå skjønar du at du har lært mykje, seier Nielsen.

Studentdemokratiet ved KHiO

  • Studentrådet er eit direkte ledd mellom studentane og leiinga på skulen.
  • I Studentrådet sit nestleiar og leiar frå kvar av dei fire studentutvala. Studentane vel sjølv kven som sit i rådet.
  • Studentane har også representantar i styret. Studentrepresentantene, pluss to vara, blir valde av studentene kvart haustsemester gjennom nominering- og valprosessar. Info om dette vil bli kunngjort.
  • Andre utval med studentrepresentasjon ved KHiO: Læringsmiljøutvalet (LMU), Instillingsutval, Valstyret og nominasjonkomité
  • Eksterne utval med studentrepresentasjon: Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SIO), Norsk Studentorganisasjon (NSO), Velferdstinget (VT).