Hege Nyborg vikarierer som dekan ved Kunstakademiet

Kunsthøgskolen i Oslo har engasjert Hege Nyborg som dekan ved avdeling Kunstakademiet.

-Eg er glad og takknemlig for at Hege Nyborg har akseptert å steppe inn som vikardekan ved Kunstakademiet i ein periode der institusjonen  rekrutterer ny dekan etter Vanessa Ohlraun, seier Jørn Mortensen, rektor ved Kunsthøgskolen i Oslo.

Hege Nyborg er kunstnar, utdanna ved Amherst College, BA Political Science (Hons.), Akademie der bildenden Künste, Wien, Statens handverks- og kunstindustriskole og Statens Kunstakademi, Oslo. Ho har stilt ut ved institusjonar som Henie Onstad Kunstsenter, Sørlandets kunstmuseum, Helsingfors Konsthall og National Museum of Women in the Arts, Washington D.C. Ho har vore styreleiar i Kunstnerforbundet 2012-2016, jurymedlem i fagutvalet International Support OCA 2010-2014, styremedlem i Kunstnernes Hus og Fondet for kunst- og designstudenter, KHiO, og er for tida også styremedlem i Billedkunstnernes Vederlagsfond.

Nyborg byrjar i stillinga 1. november og går inn i eit engasjement etter at Vanessa Ohlraun vart valt til rektor ved Kunsthøgskolen i Braunschweig. Stillinga som dekan ved Kunstakademiet er lyst ut med søknadsfrist 3. januar 2017.