Fire nytilsetjingar ved Teaterhøgskolen

Tore Vagn Lid og Kai Johnsen er tilsett i stilling som professor, og Victoria Meirik og Runar Hodne som førsteamanuensis, alle i 50 % åremålsstilling ved registudiet ved avdeling Teaterhøgskolen.

- Vi er stolte og glade for å få fire så framragande regissørar til oss, seier fungerande dekan Jesper Halle ved Kunsthøgskolen i Oslo, avdeling Teaterhøgskolen. - Alle fire har vore med på å prege norsk teater dei seinare åra, og vi ser fram til at dei nå vil være med på å prege Høgskolen og utvikle den vidare. Det at dei har litt ulik bakgrunn, og har forskjellige inngangar til regifaget, ser vi på som ein ekstra verdi for Teaterhøgskolen, seier Jesper Halle.

Les også: Scenekunst: "Generalistenes tid er forbi" (intervju)

Kort om dei fire

Tore Vagn Lid (43) arbeider i dag som professor II for dramaturgi/scenetekst ved Teaterhøgskolen. Han leier også prosjektprogrammet «Nye forestillinger – nye verktøy: Kunnskaper og ferdigheter for et postdramatisk teater» under Program for kunstnarleg utviklingsarbeid.

Vagn Lid har doktorgrad frå Justus Liebeig Universität, Gessen i tillegg til utdanning frå Universitetet i Bergen, Freie Universität zu Berlin og Agder musikkonservatorium.

Kai Johnsen (53) har i dei siste åra arbeidd som regissør, dramaturg og prosjektutviklar ved teater i Noreg og utlandet. Han har tidlegare vore kunstnarleg leiar ved Dramatikkens Hus og scenekunstkonsulent i Norsk kulturråd.

Johnsen har doktorgrad frå Kunsthøgskolen i Oslo, avdeling Teaterhøgskolen i tillegg til fag frå Universitetet i Oslo. 

Victoria Meirik (45) er regissør og har mellom anna arbeidd ved Nationaltheatret og Rogaland Teater. Ho har hatt fleire verv og oppdrag, mellom anna som kunstnarleg leiar for Norsk Dramatikkfestival og fekk i 2010 Heddaprisen for beste regi for "Antigone", skapt for Trøndelag Teater.

Meirik er utdanna ved Amsterdamse Hogeschool voor der Kunsten i Nederland og Universitetet i Oslo og har dessutan studert drama ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og teatervitskap ved Universitetet i Oslo.

Runar Hodne (45) arbeider i dag som freelance instruktør og har også tidlegare undervist i skodespelar- og regifag ved Teaterhøgskolen. Han har iscenesett ei lang rekke teaterframsyningar ved teaterinstitusjonar i Noreg. I 2001 fekk han Heddaprisen for beste regi av Jon Fosses "Nokon kjem til å komme", vist ved Nationaltheatret same år.

Hodne er utdanna frå Statens teaterhøgskole og Universitetet i Oslo.

Dei fire tiltrer alle i løpet av våren 2016.

Les også: Scenekunst.no "Fire nye regilærere på KhiO"

Fotomontasje: scenekunst.no