Ingressfoto fra åpning av utstillingen Double Bind i Vilnius, 2015. Foto: Julie Lunde Lillesæter/Differ Media.

Fagprofilen: Vanessa Ohlraun: Kunsthøgskolen ein kulturinstitusjon

I løpet av sine første år ved Kunstakademiet har dekan Vanessa Ohlraun skapt eit meir internasjonalt miljø både blant tilsette og studentar, med vekt på mangfald. No vil ho gjere Kunsthøgskolen enno meir synlig og open for publikum.

Ingressfoto frå opning av utstillinga Double Bind i Vilnius, 2015. Foto: Julie Lunde Lillesæter/Differ Media.

-Førestellinga om den romantiske bohemen gjeld ikkje lenger for kunstnarar som før. Dei ønskjer vere ein del av samfunnet og er meir utoverretta. Kunstnarleg utviklingsarbeid og meiningsdanning i eit globalt perspektiv har vore eit hovudfokus hos oss ved Kunstakademiet. Dei første fire åra mine har vi brukt til å bygge ein grunnmur for at vi dei neste åra skal kunne blomstre, seier Ohlraun.

Kunstakademiet har fått høg internasjonal anerkjenning under Ohlrauns leiing, med ein sterk fagstab og som eit av dei mest dynamiske kunstakademia i Europa. No har rektor Jørn Mortensen oppretta ei prosjektstilling og invitert henne til å utvikle ein strategi for å styrkje skulen si satsing på kunstnarleg utviklingsarbeid, forsking og internasjonalisering. Arbeidet skal inngå i strategiprosessen for skulen sin nye strategi 2017-2022.

Korleis har du gått fram i arbeidet med eit meir internasjonalt fokus?

Eg hadde eit stort internasjonalt nettverk då eg kom til Noreg frå mitt arbeid som kurator og tida ved Piet Zwart Institute i Rotterdam. Fleire som kjente til meg frå tidligare arbeid søkte seg hit då eg starta i jobben som dekan. Dei har igjen tiltrekt seg fleire frå sine nettverk. Me har mellom anna ein av dei mest kjente kunstkritikarane i Europa tilsett her. Vi har for første gang utvida fakultet vårt utover Sentral-Europa med professorar knytt til Latin-Amerika og Midtausten. Eg har og vore open på at eg ønskjer ei god fordeling mellom kvinner og menn. Vi er truleg det einaste kunstakademiet i Europa der halvparten av professorane er kvinner. Eg får tilbakemelding om at det stadig blir meir interessant for norske kunstnarar å søkje seg hit som lærarar, stipendiatar, og også studentar. Mangfald styrker oss og eg er oppteken av å få dei beste, nasjonalt som internasjonalt.

På kva måte ser du for deg at Kunsthøgskolen kan få ei sterkare internasjonal dreiing?

Kunsthøgskolen ønskjer at stipendiatprogrammet i framtida skal verte eit eige PhD-program, slik at vi får same system som resten av Europa. Eg arbeidar med å utvikle format som skal dyrke fram eit givande og inspirerande miljø for forsking. Skulen bør ha plattformer for å dele det stipendiatane arbeider med. Det vil og vere ønskeleg framover å vise fram prosjekt knytt til dei fagleg tilsette ettersom vi har ein så høgt kompetent fagstab. Eg meiner at me ikkje berre er ein utdannings- og forskingsinstitusjon, men og ein kulturinstitusjon. For å synliggjere dette må vi prøve ut format som vi ikkje allereie har og finne løysingar på strukturelle og praktiske utfordringar.

Eg har vore i samtalar med kunsthøgskular i København, Stockholm og Gøteborg for å lære korleis dei handterer PhD-programmet. Slik unngår me å måtte prøve ut alt på bar bakke. I staden kan me fokusere på det som gjer oss unike. Slik eg ser det er vår styrke at vi har bredde. Vi kan få til påtvers-samarbeid ved å vere opptatt av tema framfor inndeling i avdeling og fag. Første mål er å levere inn ein søknad til EUs rammeprogram «Horisont 2020» saman med mellom andre Gøteborg. Dette er verdas største program for innovasjon og forsking. Det skal tildele 80 milliardar euro over ein periode på sju år frå 2014. I tillegg jobbar vi med å utvikle eit pilotprosjekt i eit rammeprogram frå Nordplus for samarbeid mellom 8 baltiske og nordiske land. Frå før har fagleg tilsette og studentar mobilitet, vi vil kome med eit forslag til korleis også stipendiatar kan få mobilitet og dermed styrkje deira faglige nettverk og forskingsmiljø.

Ved Kunstakademiet har vi noko som heiter Academy Lectures, dette semesteret bruker vi det som ein arena for å skape samarbeid mellom fagtilsette ved Kunsthøgskolen og eksterne partnarar. Her møtes to personer for å snakke om eit tema dei begge er opptatt av og som er knytt til deira eigen praksis. Eit slikt tiltak gir oss større mangfald i publikum og det kunstnarlege utviklingsarbeidet blir meir synlig i tillegg til den forskinga som våre eigne fagtilsette driv med. Eg får høyre at studentane set stor pris på å bli meir kjent med lærarane si kunstnarlege verksemd.

Et godt eksempel er neste Academy Lecture den 18. mai der Rike Frank frå Kunstakademiet skal ha ein samtale med Tirdad Zolghadr som er ein fagtilsett ved International Academy of Art i Palestina. Dette er ein skule i Ramallah som Kunstakademiet har eit langvarig samarbeid med. Skulen gir unge i Palestina rom for kritisk tenking, meining og debatt. Vi skal først og fremst kvalitetssikre studiet og akkrediteringa, men eg har endra dynamikken av vårt samarbeid. Før sendte vi våre «kloke» professorar for å undervise, no er me meir likepartar. Dei har sjølv veldig gode lærarar som utfordrar oss til å sjå annleis på vår posisjon i verda. Studentane i Ramallah held eit høgt nivå. Det er ikkje sjølvklart å kunne virke fritt som kunstnar, men sjølv om tilhøva ikkje er lagt til rette og ein lever i eit sårbart økonomisk og politisk samfunn, er det likevel mulig. Det er viktig å ta med seg for våre studentar.

Ohlraun er halvt tysk, halvt fransk, brukar engelsk aktivt i sitt arbeid, men var og svært nøye med å lære seg norsk. Ho har raskt tileigna seg eit godt språk både munnleg og skriftleg, mellom anna med tanke på å kunne delta i den offentlege debatten i Noreg. Kunnskapsdepartementet har oppnemnt ho som styremedlem for det nasjonale Program for kunstnarisk utviklingsarbeid og ho ser fram til å bidra med sin kompetanse. Ho vil gjerne delta i fleire offentlege panel, juryar og komitear utanfor Kunsthøgskolen. -Eg meiner at i tillegg til å ha eit globalt engasjement, er det viktig at vi tar ansvar i det samfunnet vi lever i her i Noreg. Vi skal aktivt dyrke eit nordisk-språklige fagmiljø for å styrkje kunstdebatten i Skandinavia.

På kva måte ser du for deg at Kunsthøgskolen kan vere meir aktivt med i samfunnsdebatten?

Vi er god på utdanning og forsking, men vi må bli meir synlig og dele det arbeid vi gjer. Vi må bli ein kulturinstitusjon med eit produksjonsapparat som gjer det attraktivt og for våre fagarbeidarar og tilsette å stille ut arbeida sine her hos oss. Vi har fantastiske visningsrom som våre studentar bruker til å lage ei rekke utstillingar med høgt nivå. Framover håper eg at også stipendiatar og fagtilsette vil bidra med sine utstillingar. Rett og slett at vi blir ein produsent, og ikkje berre driv med utforsking, fordi produksjon og forsking heng så tett saman i vårt kunstnariske felt. Dette vil opne eit vindauge ut mot publikum og gjere dei merksam på at me kan ha interessante innspel i debattar. Vi har som kulturinstitusjon ei heilt unik tilnærming til samfunnsrelevante spørsmål, som produsent av unike erfaringar og kunnskap.

Du har gjort ein del endringar, kva utfordringar har du møtt på?

Eg kom utanfrå og såg på Kunstakademiet med friske auge, noko som gjorde at eg kanskje var litt meir modig. Eg spør alltid - korleis og kvifor det? Dette førte til mange endringar i rutinar, som igjen har ført til meir tilfredse studentar. Ei utfordring i arbeidet med internasjonalisering var at det i 2015 vart implementert ein regel om at studentar må kunne eit nordisk språk. Dette ser eg som eit tilbakeslag i vårt arbeid for mangfald. I haust starta det eit heilt nordisk kull i bachelorstudiet og studentane har sjølv allereie etterlyst større breidde i studentmassen. Kunstakademiet er no i dialog med leiinga ved Kunsthøgskolen om denne saka.

Ei utfordring eg arbeider mykje med i den nye prosjektstillinga er korleis me best kan dyrke eit levande fagmiljø som er opent for forskjellige interesser men samtidig fokusert nok til å kunne gå i djupna i faglige diskusjonar. Tre stipendiatar har sjølv oppretta eit stipendiatforum der dei møtes på grunnlag av felles interesse for tema. Eg ser dette som svært positivt, men det er symptomatisk at dei måtte lage rom for dette sjølv ettersom Kunsthøgskolen ikkje hadde eit faglig forum for stipendiatar der dei kunne utveksle tankar om kunstnarleg arbeid eller teoretiske interesser. Det ønskelege er om me kan få til ei faglig og tematisk spissing og legge til rette for slike påtvers-forum, utan å dirigere deltagarane ovanfrå med ei tverrfaglegheit som nokre gonger kan virke vilkårlig, seier Ohlraun.

Har du ein filosofi for arbeidet ditt?

Noko som har påverka meg sterkt er at eg er utdanna antropolog. Det har påverka mitt syn på kunst.

Eg tar ikkje noko for gitt, ting blir gjort ulikt ut i frå samanheng og kvar du er i verda. Hovudfilosofien min er å vere open, nysgjerrig og stille spørsmål.

Bakgrunn

Vanessa Ohlraun har mastergrad i sosialantropologi, kunsthistorie, tverrfaglige kjønnsstudier frå Humbolt Universität og Freie Universität i Berlin. Ho har vore frilansar og gjestekurator for ei rekke kunstutstillingar i Berlin og Rotterdam, mellom anna ved Witte de With Center for Contempory Art i Rotterdam.

Ohlraun har sidan 2007 jobba som Course Director for masterstudiet i biletkunst ved Piet Zwart Institute på Universitetet i Rotterdam. I 2011 vart ho tilsett som dekan ved Kunstakademiet på Kunsthøgskolen i Oslo og som første dekan i Kunstakademiets historie tok Vanessa Ohlraun fatt på eit nytt åremål frå 1. november 2015. Arbeidet med den strategiske utviklinga innan kunstnarleg utviklingsarbeid, stipendiatar og internasjonalisering knytt til rektoratet, vert avslutta 31. juli.


Fagprofilen er ein serie der redaksjonen i khio.no kvar månad presenterer ein fagperson ved Kunsthøgskolen i Oslo. Presentasjonen vil vanlegvis skje gjennom intervju og bli publisert på norsk og engelsk. Målet med serien er å presentere breidda i den faglege verksemda ved Kunsthøgskolen og å fremje internasjonal kontakt og interesse for fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid.