Caroline Slotte ny professor i keramisk kunst

Kunsthøgskolen har tilsett Caroline Slotte som professor og fagområdeansvarleg for keramisk kunst ved avdeling Kunst og handverk.

- Eg er glad og stolt over at Caroline Slotte har takka ja til stillinga som professor i keramisk kunst, seier Ellen Aslaksen, dekan ved avdeling Kunst og handverk. – Hennar systematiske kunstarlege utforsking av spenninga mellom objekt, materiale og meining vil tilføre undervisninga på KHiO ein høgst aktuell kompetanse. Vi gler oss til å samarbeide med henne.

Caroline Slotte er utdanna ved Designskolen i Kolding og Kunst- og designhøgskolen i Bergen der ho også disputerte med prosjektet «Second Hand Stories» i Stipendiatprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid. Det kunstnarlege interesseområdet omfattar konseptuelt kunsthandverk og materialbaserte uttrykk med vekt på samtidig keramisk kunst.

Slotte har mange års erfaring som kunstnar. Med sandblåsing og diamantforstekte bore- og slipehovud har ho forma brent gods, skore ut figurar og reliefar, og utvikla nye teknikkar og arbeidsmetodar. Ho har hatt ei rekke utstillingar og er innkjøpt til samlingar ved anerkjente institusjonar, m.a. Victoria & Albert Museum i London, Museum of Art and Design i New York, National Museum of Scotland og Kunstindustrimuseet i Oslo. Ved sida av kunstnarskapen har ho vore gjesteforelesar ved fleire kunsthøgskolar som HDK Göteborgs Universitet, Kunst- og designhøgskolen i Bergen og Kunsthøgskolen i Oslo.

Caroline Slotte bur og arbeider i Helsinki. Ho tiltrer stillinga 1. januar 2017 i eit åremål på seks år. Slotte tar over etter Marit Tingleff som ikkje søkte om ein ny åremålsperiode.

CV Caroline Slotte (pdf)