ArtEX - samarbeid mellom Talent Noreg og kunstutdanningane om talentutvikling

I eit samarbeid med Kunsthøgskolen i Oslo, Noregs musikkhøgskole og Den norske filmskolen etablerer Talent Noreg nå ArtEx. Programmet lyser ut fem talentutviklingsplassar for kunstnarar som har vist eit stort kunstnarleg talent innanfor sitt felt.

ArtEx er Noregs første systematiske satsing med talent på toppnivå, på tvers av sjangar i kulturlivet. Morgondagens leiande kunstnarar innan film og utøvande kunstfag kan få støtte til personlig og profesjonell utvikling, nettverk og kontaktar i innleiinga av ei nasjonal og internasjonal karriere. Høgskolane støttar opp med faglig kompetanse, ressursbruk og deltaking i programmet.

Deltakaren skal normalt ha fullført høgste utdanning innan fagfeltet og ha påbegynt ei profesjonell utøvande karriere. Kunstnaren vert knytt til programmet i 2 år, med oppstart vinteren 2017.

Les meir om prosjektet og søknadsskjema på artex.no

ArtEx er eit samarbeid mellom Talent Noreg, Noregs musikkhøgskole, Kunsthøgskolen i Oslo og Den norske filmskolen, og er finansiert av Sparebankstiftelsen DNB og Talent Noreg.  I styringsgruppa for programmet sit rektorane ved Noregs musikkhøgskole, Kunsthøgskolen i Oslo, dekan ved Den norske filmskolen og dagleg leiar i Talent Noreg. Rektor Jørn Mortensen er Kunsthøgskolen i Oslo sin representant i styringsgruppa. Eit faglig råd står for utvelging av talent og mentorar og sikrar programmets faglige innhald.

ArtEx er ei forkorting for "Programme of Excellence in Performing Arts and Film"