Ane Graff. Photo: Finnish National Gallery, Pirje Mykkänen.

Ane Graff dreg til Venezia

Vi er så stolte over at stipendiat ved Kunstakademiet Ane Graff blir Noregs representant ved Den nordiske paviljong under Venezia-biennalen 2019, som opnar 11. mai.

Untitled, Detail, 2018 Ane Graff(Read the story Ane Graff goes to Venice in English.)

Ane Graff (f. 1974) kombinerer ei rekkje forskingsdisiplinar, frå feministisk nymaterialisme til mikrobiologi og kjemi. Skulpturane og installasjonane hennar utfordrar konvensjonelle og tilsynelatande stabile strukturar og klassifiseringar som er baserte på vitskapleg og kulturell praksis. Graffs arbeid gjer det mogleg å observere korleis den menneskelege kroppen er utsett for andre aktørar, som bakteriar, så vel som miljøgifter.

– Kunstnarverksemda mi er prega av den rådande revurderinga i feministisk nymaterialisme av den materielle røynda vår, der ei relasjons- og prosessorientert tilnærming til eit emne – inkludert emnet levande kroppar – spelar ei vesentleg rolle. Innanfor desse rammene legg eg vekt på menneskelege og ikkje-menneskelege forhold; eg ser på menneska som del av eit ekspansivt, materielt nettverk som strekkjer seg inn i og rundt om kroppane våre. Arbeidet mitt følgjer blodspora frå vestleg intellektuell historie for å spørje korleis tankane frå menneskeleg eksepsjonalisme, kartesiansk dualisme og representativ tenking alle heng saman med dei økologiske katastrofane vi står overfor i dag, og kva som vidare ser ut til å bli følgjene for materielle kroppar no og i framtida. Eg lagar skulpturar i utvida tyding; skulpturarbeidet omfattar ofte materielle eksperiment og fysiske transformasjonar.

Dei betente tilstandane som går fram av Graffs arbeid, viser til sambanda mellom klimaendringar, vestlege samfunn drivne av økonomisk vekst, øydelegginga av kroppens immunforsvarsbakteriar og utbreiinga av betennelsessjukdommar.

Mattering Waves 3, Detail Ane Graff

Dei utstilte gjenstandane og det dei er utstilte i, glasmontrane, viser til den menneskelege kroppen og betennelsestilstanden han er i, samtidig som dei sender ut signal frå fortida og hintar om moglege framtidige scenario. Glaset i monteroverflatene antydar at det er flytande, som om det smeltar framfor auga våre. I skulpturane utfører Graff forskjellige materielle eksperiment. Materiala påverkar kvarandre og formar nye blandingar gjennom utstillinga, og nektar oss å ha menneskeleg kontroll over dei.

Den nordiske paviljongen

Utstillinga Vêrrapport: Varsel om framtida i Den nordiske paviljongen tek opp tema rundt dei komplekse og varierande forholda mellom det menneskelege og det ikkje-menneskelege i ei tid då klimaendringar og masseutrydding truar framtidig liv på jorda. Med tanke på framtida har vi menneske eit ansvar for å erkjenne at vi har påverka artsmangfaldet, og for å sjå kva som må gjerast med eksisterande forhold mellom individa. Dei nordiske landa har ord på seg for å vere ein fristad der fred og demokrati har skapt dei nødvendige forholda for velferdsstaten. Aukande miljøengasjement og frykta for å miste den urørte naturen og det reine miljøet i Norden har ført til ein ny type innsikt i det usynlege arbeidet naturen utfører for vårt ve og vel.

Dei andre kunstnarane i Den nordiske paviljongen er den finske duoen nabbteeri og svenske Ingela Ihrman. Det kunstnarlege arbeidet deira går ofte ut på å smelte saman visuell kunst med humanistiske fag og naturvitskap, ein samarbeidsprosess eller dialog som skjer i ei gruppe med representantar frå ulike fagmiljø. Alle kunstnarane har laga nye verk til utstillinga i Den nordiske paviljongen.Nordic Pavilion

Ansvarleg for Den nordiske paviljongen 2019 er Museet för nutidskonst Kiasma / Finlands Nationalgalleri. Utstillinga er kuratert av Kiasmas direktør Leevi Haapala og kurator Piia Oksanen. Medansvarlege frå dei andre nordiske landa er Moderna Museets visedirektør Ann-Sofi Noring og direktør for Office for Contemporary Art Norway’s (OCA) direktør Katya García-Antón.

Sjå og last ned alle pressebilete for Den nordiske paviljongen.
La Biennale di Venezia


www.anegraff.com