Alva Brosten, 3BA kles- og kostymedesign.

Alva Brosten: Den (u)synlige makta

Alva Brosten har vald å studere både mote og kostyme på Kunsthøgskulen. Slik samlar ho på mest mulig kunnskap, og gjennom klede peiker ho på utfordringar i samfunnet. Nylig hadde ho kostymedesign til det blodige stykket Richard III, ei framsyning med 2. års studentar bachelor skodespelarfag.

– Før eg begynte her ved Kunsthøgskulen har eg vore veldig fokusert på kostyme, men etter eg begynte og klesdesign vart introdusert, ønska eg å gjere eit avgangsprosjekt med kombinasjon av begge studieretningane.

Studiet kles- og kostymedesign, med fokus både på både mote og kostyme er ganske unikt som utdanning i internasjonal samanheng. Alva meiner denne dobbeltheten er positiv om ein brukar den rett.

– Begge deler er klede og det er lurt å lære om begge felt – for å bli god designar skadar det ikkje med god kunnskap om mest mulig. Når det gjeld kva eit kostyme er og kva mote er, så seier eg det Jacques Reynaud svarte då eg spurte han under ei gjesteforelesing ved skulen: Eit kostyme designar du for ein skodespelar, mote designar du for ein størrelse. Så kjem tematikken og deretter bodskapen.

– Slik eg ser det definerer vi oss sjølv med klede. Korleis ein finn fram til eit uttrykk og metode har vorte viktig for meg gjennom tida på Kunsthøgskulen. Eg utforskar skjeringspunktet mellom kostymedesign og mote som metode for å skape mitt eige utrykk.

Alva Brosten hadde kostymedesign til 2. års bachelor studentane i skodespelarfag si framsyning av Shakespeares Richard III. Ei dramatisk og blodig fortelling om korleis kong Edward IV sin veslebror Richard banar seg veg mot trona med systematisk utrydding av alle motstandarar. Framsyninga var basert på Edvard Hoem si gjendikting og regi, omarbeiding og tilrettelegging var ved professor i skodespelarfag Lars Erik Holter.

– Eg hadde ein veldig god dialog med Lars Erik Holter. Han spurte meg kva slags stykke eg ønska meg og eg ønskte meg eit med kjønnsperspektiv og maktkamp. Derfor vart det Richard III, det er mykje slakting, men det handlar i hovudsak om å bli gal etter makt, noko som dessverre er veldig aktuelt også i vår tid. Vi snakka mykje om stykket og kva tid det skulle inn i. Eg såg nøye på teksten, drog fram tematikkar som intresserte meg, som kvinnesyn og objektivisering. Referansearbeid i kostymane var viktig for å hjelpe publikum til å forstå samanheng med rollane og kva status dei hadde.

– Eit døme er dronninga som er den einaste omsorgsperson i stykket, eg har gitt henne eit stort kostyme med krinoline for å kommentere på byrden ein må bære som kvinne. Rolla Rivers, bror til dronninga, gav eg ei drakt med blonder, men han vart oppfatta som homofil og det er heilt forståelig ut i frå dagens oppfatning av klede, og forventning av karakter. Før hadde menn med makt store armer, florale mønster og høghela sko, i dag skal dei gå i skjorte og dressjakke, kledd for kontoret. No er det vi damer som går kledd som maktmenn gjorde før, men vi blir i staden ofte seksualisert.

Alva skal arbeide vidare med materialet ho har skapa på scenen, inn i ein kolleksjon som skal visas på catwalken under avgangsvisinga 1. juni.

– Eg som lagar kostymer har ikkje hovudrolla i ein produksjon, men det ligg mykje makt i klede og eg skulle ønskt det var eit høgare medvite rundt det og at temaet vart meir diskutert i Noreg. Det er desse tankane eg jobbar vidare med til avgangsprosjektet mitt. Tematisk lar eg meg inspirere av korleis vi kvinner skal ta over – ikkje knuse mannen – men vise at vi ikkje er til å kødde med, for den kampen er enda ikkje ferdig.

Følg Alva Brosten:

Heimesida http://www.alvabrosten.com
Instagram @alvabrosten

Søknadsfrist til bachelor kles- og kostymedesign er 1. april