Å studere på KHiO: Kunstakademiet

Namn: Ronak Moshtaghi
Alder:
29
Fag:
Biletkunst, Kunstakademiet

Kvifor valde du KHiO?
Eg studerte biletkunst ved kunsthøgskolen i Teheran og såg på moglegheitene som fanst. Mange skolar har studieavgift for utanlandske studentar. Kunsthøgskolen i Oslo var ein av svært få utan studieavgift der du òg kan studere på engelsk. Eg kjende ei fransk jente som hadde studert her, og hadde litt familie her, så eg søkte. Det er vanleg for unge menneske i Iran å dra utanlands i samband med studiet. Vi kjenner til nesten kvar einaste skole i Europa, USA, India osv. Men eg trur ikkje at så mange visste om denne skolen, kanskje fordi landet er kjent for eit svært høgt prisnivå.

Kva slags forventningar hadde du?
I Iran lærer vi å tru at alt er betre i Europa – då eg drog til Oslo på opptaksprøve, var eg svært imponert av bygningane og verkstadene her. Etter fem år som student har eg vorte mange erfaringar rikare, verkstadane meiner eg framleis må vere blant verdas beste. 

Kva er den mest positive sida ved KHiO?Lærarar og gjestelærarar tar seg tid til å snakke med studentane. Eg kan for eksempel bruke ein time berre på å snakke om prosjektet mitt med folk på eit så høgt nivå at eg aldri ville ha møtt dei som kollegaer. Eg har delteke på seminar av høg kvalitet med berre tre eller fire studentar, du kan til og med bli kjend med lærarane og gjestelærarane, og det er utruleg inspirerande. 

Kven på KHiO har vore viktigast for deg gjennom studiet?
Eg må nemne fleire: Jan Verwoert, professor i kunst og teori, Mike Sperlinger, professor i teori og skriving, Vanessa Ohlraun, tidlegare dekan, Saskia Holmkvist, professor i samtidskunst, og gjestelærarane Stephen Wright og Will Bradly er namna som fell meg inn no. Eg synest at dei alle har noko meir ved seg enn det å arbeide for eigen karriere og kjempe for suksess. Det er alltid svært inspirerande når folk bruker eigne verdiar, erfaringar og klare personlege tankar i arbeidet sitt.

Korleis ville du beskrive livet ved KHiO for ein komande student?
Dessverre er eg litt negativ her, for eg synest at det sosiale livet ved KHiO kunne ha vore betre. Då eg starta for fem år sidan, hadde vi eit studenthus der vi kunne møtast, drikke og diskutere. Der hadde eg mange svært interessante diskusjonar med studentar frå heile skolen. No er det dessverre stengt, og særleg for studentar som kjem frå utlandet eller har lite pengar, er det vanskeleg å ta del i det sosiale livet. 80 kroner er svært mykje å betale for ein øl, og mange av oss bur på studenthyblar der det ikkje er lov å ha besøk. Det å ha eit gratis og ope sosialt rom i dei lange, mørke vinterkveldane i Oslo er eit grunnleggjande behov som ein ikkje får dekt ved KHiO.
Ved Kunstakademiet har vi så mange moglegheiter til å velje vår eigen veg og spesialisere, noko som er svært bra, men sosialt sett er det ikkje så bra. Vi er ikkje saman som ein klasse gjennom alle åra. Eg anbefaler for nye studentar å vere på utkikk etter interessante folk dei kan arbeide med og vere saman med sosialt, ved alle avdelingane på skolen.

Kva er draumane dine framover?
Eg ønskjer å undervise.

Kva er favorittreiskapen din?
Ein kniv og papir. Som person liker eg å snakke, men når det gjeld arbeidet mitt, liker eg å ta pausar og tenkje meg om, og eg liker å lage kollasjar, som du kan sjå av eksamensarbeidet mitt. Arbeidet eg viser fram i avgangsframsyninga , handlar om mi tolking av kampen mot koloniveldet og eit fråvær eller eit tomrom. Eit tilbakevendande eller presist fråvær.