Å studere på KHiO 2019: Teaterhøgskolen

Namn Thea Lambrechts Vaulen
Program Bachelor i skodespelarfag, avdeling Teaterhøgskolen
Alder 24

– Fortel om avgangsprosjektet dykkar

– Ja, det var ein spesiell prosess! Vi spelte «Morderne» etter Friedrich Schiller, sett i scene av ein tysk kunstnarduo, Silvia Rieger på regi og scenograf og kostymedesignar Laurent Pellissier. Det var noko heilt anna enn alt vi har gjort tidlegare i studiet. Vi hadde ikkje leseprøver og analyse, vi begynte å jobbe på golvet frå første stund. Prøvene gjekk for det meste i at regissøren viste oss korleis vi skulle seie eller «gjere» teksten, det var veldig fysisk, og at vi gjentok etter ho som best vi kunne. Dette høyrest ut som ei tvangstrøye, men eg likte at ho instruerte oss så tydeleg, det hjelpte meg å oppdage rom i meg sjølv som eg ikkje visste fanst. Det var lærerikt å gjere noko så heilt annleis, og eg er takksam for å ha fått oppleve og arbeide under slik disiplin. Ho er hard og kritisk, og gjev heilt tydelege meldingar. Det kan vere tøft når nokon er så streng og direkte, men samstundes, når ho var så kritisk, trong ikkje eg å vere så kritisk til meg sjølv, det tok liksom ho seg av. Eg følte meg nett som ein toppidrettsutøvar, livredd for å bli sjuk undervegs, for om stemma eller kondisjonen blei svekt, ville det bli vanskeleg å gjennomføre. Det var utmattande, men vi var førebudde.

– Kvifor søkte du KHiO?

– Det var jo for at eg ville bli skodespelar, da, det var liksom dét eg ville. Eg hadde høyrt så mykje bra om utdanninga, men eg visste jo ikkje i det heile kva eg gjekk til. Eg studerte drama og teaterkommunikasjon på Oslomet da eg kom inn, og er glad for å ha med meg det òg.

– Kva blir det viktigaste du tek med deg vidare?

– Det blir fort alle erfaringane ein har hatt, og då mest av alt møte med menneske her. Mykje av utdanninga handlar om å gå i djupet av seg sjølv og leite etter kven ein er, som menneske og som kunstnar. Det er ganske slitsamt somme tider, men det er naudsynt. Vennene eg har fått i klassen, dei er for livet. Vi har vore lyttande til kvarandre, gitt kvarandre plass, dytta kvarandre vidare, som gruppe og som enkeltindivid. Også møte med pedagogar, både interne og eksterne, og andre studentar, har inspirert meg, eg har treft så mange kloke menneske, og eg har vakse og endra meg. Haldningar og kven ein er som menneske, blir ikkje upåverka i ein så kraftfull prosess.

– Kva no?

– Eg skal til Teatret vårt i Molde! Der har eg ei rolle i Romeo og Julie, som skal settast i scene av Simen Formo Hay, som gjekk ut frå regilinja her på KHiO for to år sidan. Alva Brosten skal vere kostymedesignar, også ho gjekk ut frå KHiO for to år sidan, så dette gler eg meg til. Og eg er spent. No har eg vore del av ei fin og trygg gruppe i tre år, eg har vore student, som jo er ei litt anna rolle enn å vere tilsett. No blir det fint å starte heilt på nytt, i ein ny by, med ei ny gruppe, eg vil halde fram med å utforske, jobbe, feile, halde på det frie rommet ein har som student, det kan ein i prøvetida og.