Å studere på KHiO 2019: Kunstakademiet

Namn Thomas Bremerstent
Fag BA biletkunst, Kunstakademiet
Alder 26

Fortel om avgangsprosjektet ditt?

–Vi stilte ut på Ila pensjonat og eg fekk tildelt plass på loftet. Eg bestemte meg for å lage ein variant av korintiske søyler i forfall, gøymt vekk på loftet. Tittelen var: Jorden bærer mig. Sandet sagtner mig. Mudder fanger mig.
Eg jobbar mest med gips og lager søyler, ting som heldt andre ting oppe. Då eg fekk plass på loftet bestemte eg meg for å lage noko i stort format, for å teste meg sjølv, sjølv om eg skjønte at eg ville få det travelt. Det er spanande å ikkje heilt ha kontroll.

Kvifor søkte du Kunstakademiet?

–Det var ein forskule i Danmark som anbefalte at eg søkte her og eg fann ut at dette var den type skule som passa best til det eg ønska å lage.

Kva blir det viktigaste du tek med deg frå KHiO?

–Folk – både medstudentar og lærarar. Dei har betydd alt, vi skapte skulen saman. Då eg fekk ein son i løpet av studiet, var eg i ein periode litt mindre på skulen, og då opna eg atelieret mitt for at medstudentar skulle kunne bruke det som galleri. Eg hadde funnet parkettgolv på ein gjenbruksstasjon som eg stifta fast og slik vart det eit gallerirom som eg administrerte heimifrå. Det var spanande. Så har eg og fått med meg verktøy til bruk framover, både i form av arbeidsmetodar og handfaste verktøy.

Kva no?

–Eg har tenkt å bli i Oslo, finne meg eit atelier og få litt avstand frå skulen. Men eg reknar med å halde kontakt med fleire eg har studert med. Etter kvart planlegg eg å ta ein master, om det blir ved KHiO får tida vise, det er jo både fordeler og ulemper å ta det ved same skule.