Å studere på KHiO 2018: Teaterhøgskolen

Namn: Hanna-Maria Grønneberg 
Alder: 27 år
Studium: Bachelor i skodespelarfag, avdeling Teaterhøgskolen

– Kva tenkte du den dagen du kom inn på KHiO?

– Ja, kva tenkte eg, eigentleg … Eg blei iallfall veldig glad! Eg hadde søkt seks år, det var denne skolen eg ville på, og eg ville bli skodespelar. Eg søkte berre her. Det var jo risikabelt. Eg hugsar det som heilt absurd å leite blant kandidatnummera, å leite blant alle desse nesten like nummera i håp om å finne mitt nummer, og når ein først kjem inn, er det faktisk namnet ditt som står der og lyser mot ein, da er ein ikkje lenger eit nummer, men eit namn, ein student, som skal få ta utdanninga si nett her. Det var ei god kjensle.

– Korleis vil du skildre livet på KHiO?

– Eg har trivest veldig godt her. Ein lever i ei boble, i tre veldig intense år. Det er eit studium som krev heile deg. Frustrasjonen ein kjenner på som søkjar, over at det er så få studentar som får plass kvart år, blir forvandla til eit privilegium når ein først kjem inn, det å få vere så få. Ein får svært tette relasjonar til medstudentar og nokre pedagogar som følgjer klassen gjennom tre år. Vi er heldige her, får mykje undervising éin til éin, og det blir mogleg å følgje si eiga utvikling tett. Det er så mykje ein berre må erfare for å forstå. Eg opplever til dømes å få aha-opplevingar i 3. klasse, og plutseleg, gjennom handling, forstå noko vi snakka om i 2. klasse. Så eg trur den beste måten eg kan samanfatte det på, er at det er eit privilegium å få vere her; scenene, arbeidsromma, det er fantastiske stader å vere i, studere i, arbeide i. Dette er jo eit fullgodt teaterhus, det er dyktige pedagogar og dyktige gjestelærarar. Det kan vere 3–4 pedagogar innom same produksjon, det er mange som ser deg og som kan ha ulike og nyttige synspunkt på utviklinga til kvar student.

– Og korleis klassen er sett saman, blir vel viktig?

– Ja. Og det er ein god dynamikk i klassen vår, med åtte veldig ulike individ. Det er viktig å finne ei god ensemblekjensle, for teater er ein kollektiv kunstart, vi må kunne samarbeide. Og slik vil jo yrkeslivet for ein skodespelar vere òg. Ein skodespelar vil stadig måtte finne plassen sin i ei ny gruppe, eit nytt ensemble, og dette har det vore fokus på heile vegen. Og det at vi er så ulike, eg har lært så mykje av det, av dei andre, korleis dei nærmar seg eit materiale, korleis dei forvaltar det dei har lært, det er tid og rom her til også å følgje kvarandre tett fagleg.

– Kva har hatt størst tyding for utviklinga di dei åra du har vore her?

– Det er definitivt den tette oppfølginga heile vegen, men det er samansett, det er mykje som har vore viktig for utviklinga mi som skodespelar. Til dømes at nokon har sett noko i meg og gripe tak i dei rette tinga ved meg: Faglege råd, sjølvsagt, men òg personlege. Dei kan seie «eg vil rå deg til å tenkje litt annleis om dette», «ikkje ver så sjølvkritisk, ta til deg det som fungerer». Ein utviklar seg jo som menneske mens ein går her òg, gjennom alle ein møter, relasjonar, diskusjonar, kva er det å vere menneske i dag?

– Kva har vore morosamast?

– Alle periodar har vore morosame på sitt vis, nokre har vore hardare, men eg trur eg må svare at det må vere når ting løyser seg, når ein plutseleg får til noko og gruppa finn eit felles språk. Og ein meir konkret ting: Starten av 2. klasse, da vi gjorde Commedia dell arte, måtte vi strekkje oss svært langt for å finne fram til desse eindimensjonale karakterane. For første gong måtte vi tore å slå oss skikkelig laus, etter alt grunnarbeidet i 1. klasse, der vi fokuserer mykje på teori og metode, og nesten ikkje speler teater i det heile. I 1. klasse var eg redd for å ikkje ha forstått ting, men så, med commedia, var det plutselig ikkje så viktig å forstå, berre gjere. Og så har det vore veldig kjekt med dei produksjonane heile klassen har gjort saman. Gruppekjensla har vore viktig for meg.

– Kva no?

– No skal eg vere med i Hedda Gabler på Torshovteatret! Eg skal spele Thea, og framsyninga skal vere ein del av Ibsenfestivalen. Eg gler meg veldig. Det er ein instruktør som heiter Sofia Jupiter som skal ha regi, og eg likar arbeidet hennar veldig godt. Ho gjorde Lille Eyolf ein gong, eg trur eg såg han tre gonger, og det er det ikkje så ofte eg gjer. Så skal eg inn i «Ulven» på National, eg skal spele kylling. Det er ei komisk rolle. Så blir det jo ein ny start, og eg må finne ut kven eg er når eg ikkje er her, i denne klassen. Det blir fint.