Å studere på KHiO 2018: Dans

Namn: Silje Moe Iversen
Alder: 22 år
Studium: Bachelor i jazzdans, avdeling Dans

– Kva tenkte du den dagen du kom inn på KHiO?

– Endeleg! Dette er ein veldig god start på den karrieren eg ønsker meg, tenkte eg. Å ta danseutdanning ved KHiO er den beste starten ein dansar kan få. Det meiner eg verkeleg. Og eg hugsar eg tenkte at no, no må eg førebu meg, eg må trene styrke så eg ikkje fell av hengslene nesten før eg har komme skikkeleg i gang.

– Korleis vil du skildre livet på KHiO?

– Beinhardt, beintøft. Men eg har jo ein, kva er passion på norsk? Ein lidenskap! Eg har ein lidenskap for dansen, så da er det verdt det. Ein får køyrt seg heilt ut kvar einaste dag. Ein trenar for å halde sin eigen kropp, så skal ein ha kontakttrening og vere sterk nok til å halde kroppen til ein annan, og da blir det ofte belastingsskadar og slitasje. Og i helga skal ein jobbe for å tene pengar. Men sånn er det jo er å vere student, er det ikkje?

– Kva har hatt størst tyding for utviklinga di dei åra du har vore her?

– Eg vil nesten skildre det som ein smell å komme på KHiO. Alle hadde vore den beste i den klassen dei kom frå, og så møttest vi, vi som skulle utgjere ein ny klasse, og alle måtte finne plassen sin på nytt. Og utviklinga har vore enorm. I starten søkte eg heile tida godkjenning frå læraren, den driven var sterk i starten. Men no, no hentar eg meir hos meg sjølv, eg jobbar hardt for meg, ikkje berre for læraren eller karakteren si skuld, og eg har lært å hente det beste frå kvar lærar, plukke med meg og suge til meg det eg treng, og la alt anna ligge, og heile tida ha mitt eige utgangspunkt for å finne fram til det beste i meg.

– Kva har vore morosamast?

– Produksjonsarbeidet har vore veldig bra, heilt supert. Da hentar skolen inn koreografar utanfrå, og vi kjem litt ut av bobla. Der synest eg KHiO er veldig gode, på å legge til rette og få til dette. Og det er dei same koreografane vi kjem til å møte ute i den verkelege verda seinare, og da er det strålande å ha jobba med nokre av dei under utdanninga.

– Kva no?

– No? Godt spørsmål! No ventar liksom resten. Og eg skal på cruise! Eg har fått kontrakt med Norwegian Cruiseline, og skal kruse rundt i Karibia, det blir så digg! Fri fram til kl. 17 kvar dag, og så blir det show på kveldane. Om natta seglar båten vidare til neste hamn medan vi søv. Og eg som blir så bilsjuk! Håpar det går bra. Men eg er optimist, altså.

– Så må ein bu seg på å jobbe over heile verda?

– Ja, det må ein. Eg har kjærast frå Australia, som kom hit til Noreg i januar for eit år, for å vere saman med meg, og så stikk eg allereie i august! Men sånn er det, vi er gode på long distance òg. Eg trefte han på utveksling i fjor, etter to veker fann eg han, så var vi saman der eit halvår, og frå kvarandre eit halvår. Men det kjem til å gå fint. Han jobbar med film, og jobbar overalt han òg, og kanskje vi kjem til å jobbe i same by ein gong? Eg håpar det. Eg vil prøve alt, jobbe både ute og her i Noreg. Carte Blanche held til dømes til i Bergen, tenk å få komme heim, da! Som bergensar saknar eg Bergen veldig, nesten alltid, kanskje med unntak av når det er sol i Oslo, som i dag. Men sol i Bergen slår sol i Oslo, altså.