To store tildelingar frå Prosjektprogrammet

Prosjektprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid har tildelt kr. 5.347.000 til to prosjekt ved Kunsthøgskolen i Oslo. Midlane går til professor Amanda Stegells prosjekt "Amphibious Triologies" og professor Dora Garcías prosjekt "Segunda Vez".

Amphibious Triologies

«Amphibious Triologies» med professor Amanda Steggell ved Balletthøgskolen er tildelt kr. 2.100.000 til eit treårig prosjekt.

«Amphibious Triologies» («Amfibietrilogiar») er ei utforsking gjennom ein utvida koreografi.

Hovudsiktemålet er å utforske og overvake kystområde (mellom land og sjø) kunstnarleg gjennom ein utvida koreografi av nærskylde bokstavelege limbus- og grenseforhold, miljø og uttrykk.

Tre emne er i sving: koreografi, designdikting og havsosiologi. Dei blir prøvde mot kvarandre gjennom tre tematikkar/arbeid: “øy”, “dam” og “passasje”. Fysiske og tilbakelagde sjøreiser, øyhopping og damplasking er eksempel på forskingsaktivitetar. Desse aktivitetane “gir skapnad til” og fører til ei rekkje kreative arbeid.

Amanda Steggell
Amanda Stegell
Foto: Kunsthøgskolen i Oslo

Segunda Vez

«Segunda Vez» med professor Dora García ved Kunstakademiet er tildelt kr. 3.247.000 til eit toårig prosjekt.

«Segunda Vez» er ein film og eit analyseprosjekt med hjelp av forfattaren, kritikaren, kunstnaren og psykoanalytikaren Oscar Masotta, (Buenos Aires 1930 – Barcelona 1979), som ein utløysar for å snakke om kunst, politikk og psykoanalyse.

Kunst refererer til performancekunst, repetisjon (andre gong rundt) og hendingar (til å skje igjen).

Politikk referer til den komplekse plasseringa av kunstnaren i ein presserande politisk situasjon som krev handling.

Psykoanalysen viser til ein metode, ei form for overføring av kunnskap som gjer det mogleg å gje komplekse, men effektive svar på problem som involverer språk, kropp og hukommelse.

Dora Garcia
Dora García
Foto: Initiartmagazine

Program for kunstnarleg utviklingsarbeid

Prosjektprogrammet er oppretta for å bidra til at fagtilsette ved norske universitet og høgskolar utfører kunstnarleg utviklingsarbeid på eit høgt internasjonalt nivå. Programmet skal bidra til at forståinga for kunstnarleg utviklingsarbeid vert utfordra og utvikla i dialog med nasjonale og internasjonale miljø. Programmet skal også initiere tiltak for dialog om kunstnarleg utviklingsarbeid. Samspelet mellom kunstnarar, kunstnarlege resultat og offentlege arenaer for presentasjon av resultata er av stor betydning. Programmets møtestader skal i tillegg bidra til den internasjonale debatten om kordan fagfeltet Artistic Research kan utviklas og profileras.
Les meir om prosjektprogrammet.

Programstyret handsama søknadene i møte 16.02.2016 og Kunsthøgskolen i Oslo fekk altså prosjektstøtte til to søknader.
Les meir om alle tildelingane.

Bilete frå prosjektet «Segunda Vez»