Kunsthøgskolen i Oslo akkreditert som vitskapleg høgskole

NOKUT har akkreditert Kunsthøgskolen i Oslo som vitskapleg høgskole for fagområdet kunst. Kunsthøgskolen må nå sjølv søkje regjeringa om endra status til vitskapleg høgskole.

- Akkrediteringa er ei formell anerkjenning av kvaliteten og nivået på det felles faglege arbeidet som vert utført på høgskolen, seier rektor Jørn Mortensen ved Kunsthøgskolen i Oslo i ein kommentar. -Vi vil innan kort tid sende ein formell søknad til Kunnskapsdepartementet om regjeringas godkjenning om endra status til vitskapleg høgskole.

I ei pressemelding frå NOKUT gratulerer direktør Terje Mørland Kunsthøgskolen i Oslo med akkrediteringa. - Kunsthøgskolen framstår som ein solid institusjon med mangfald og fellesskap innan fagområdet kunst, seier Mørland.

Les meir på NOKUT.no

Les også om saka på khrono.no

Bakgrunn

Oktober 2014 søkjer Kunsthøgskolen i Oslo om å bli akkreditert som vitskapleg høgskole. Søknaden inneheld omfattande dokumentasjon av fagtilsettes kunstnarlege utviklingsarbeid og forsking.
Søknad frå Kunsthøgskolen i Oslo

Juni 2014 vitjar NOKUTs sakkunnige komité Kunsthøgskolen i Oslo, og intervjuar studentar, faglege tilsette, leiing og administrasjon. Komiteen konkluderer med at Kunsthøgskolen framstår som ein solid institusjon med både diversitet og fellesskap innan fagområdet kunst, og at det vert utført kunstnarleg utviklingsarbeid av høg internasjonal kvalitet innan samtlege fagrupper.
NOKUT-rapport

September 2015 akkrediterer NOKUT Kunsthøgskolen i Oslo som vitskapleg høgskole innan fagområdet kunst. Kunsthøgskolen kan nå søkje regjeringa om endra status til vitskapleg høgskole. Regjeringa vil på sjølvstendig grunnlag vurdere søknaden. Ei eventuell godkjenning vil gje institusjonen større autonomi, m.a. ved sjølv å kunne fastsetje oppretting av nye mastergrader.

NOKUT

NOKUT, Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga, er eit fagleg uavhengig forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet med eit eige styre som øvste vedtaksorgan. NOKUT har som hovudoppgåve å dokumentere og informere om tilstanden i høgre utdanning, fagskoleutdanning og godkjent utanlandsk utdanning.

Kontaktpersonar:

rektor Jørn Mortensen, tlf. 945 23 328

seksjonssjef studier og etterutdanning Torben Lai, tlf. 928 96 161