Studiebarometeret – den nasjonale undersøkinga om studiekvalitet

Alle andreårsstudentar på bachelor og masterstudium ved KHiO får nå tilsendt ei spørjeundersøking om studiekvalitet.

Svarfrist er 13. november 2018 kl. 12:00.

English version

Den 23. oktober får alle 2.- og 5.-årsstudentar i heile Noreg ein invitasjon til å svare på den nasjonale undersøkinga om kvaliteten i sitt studieprogram. Invitasjonane blir sendt ut på e-post og SMS.

Vi oppfordrar alle våre studentar til å svare på undersøkinga, som blir gjennomført i regi av Kunnskapsdepartementet og NOKUT. Ein kan svare på undersøkinga via smarttelefon, nettbrett og PC. For at kvaliteten på resultata skal bli best mogleg er det viktig at alle svarar!

Resultata for kvart enkelt studieprogram i Noreg blir i februar 2019 offentliggjort i portalen www.studiebarometeret.no. Du kan no sjå resultata frå fjorårets undersøking i portalen.

Informasjon til studentane (pdf norsk-nynorsk)

Informasjon til studentene (pdf norsk-bokmål)