Studiebarometeret 2018

Den nasjonale undersøkinga om studiekvalitet er nå publisert.

Alle andreårsstudentar på bachelor og masterstudium fekk i oktober 2018 tilsendt ei spørjeundersøking om studiekvalitet og resultata frå universitet og høgskolar som har delteke er offentliggjort i portalen http://studiebarometeret.no

På KHiO har 70 studentar svart, noko som gjev ein svarprosent på 32 %.

KHiO-studentane scorar nokså likt landsgjennomsnittet. I kategorien «eige engsjement» scorar KHiO litt over (4.2), i kategorien «yrkesrelevans» litt under (3.0) landsgjennomsnittet.

-Vi registrerer at Studiebarometeret 2018 viser få utslag i høve til 2017, og at studentane på Kunsthøgskolen framleis er motiverte, hardtarbeidande og generelt tilfredse med studieprogramma, seier rektor Jørn Mortensen i ein kommentar. -Vi ser at det - i dei programa det er gitt tilbakemelding frå - vert etterlyst meir informasjon om arbeidslivet, og dette vil vi bruke i vårt løpande kvalitetssikringsarbeid. Ved revisjon av våre studieplanar vil blant anna profesjonsførebuingar ha spesielt fokus.

Les Studiebarometeret 2018 for KHiO her.