Studentane tar over Instagram

KHiO-studentar tar nå over Instagram-kontoen i 48 timar.

Studentane filmar med mobilen slik at publikum og følgjarar på Instagram får glimt frå førebuingane til avgangsprosjekta.

Først ut er 3. klasse på BA jazzdans som viser korleis dei jobbar fram mot deira avgangspremiere 8. juni.
https://www.instagram.com/khio/

I dag (25.4.) har dei m.a. intervjua Lukas McFarlane som gjestar KHiO denne veka for å innstudere koreografi for ein del av avgangsframsyninga.

Framover kjem det også innslag der studentar frå Kunst- og handverk, Design og Kunstakademiet har kontrollen med KHiO sin Instagramkonto.

Innslaga blir ofte lenka opp vidare til Facebook.

Reint teknisk får studenten eit passord som varer i 48 timar.
Dette er eit prøveprosjekt og for å finne ut meir om korleis vi kan nå publikum og pirre interessa for avgang.
Prøveprosjektet varer til medio juni.

Har du spørsmål? Kontakt Anne Line eller Atle i kommunikasjonsseksjonen.