Semesterstart 2019/2020

Måndag 19. august er det semesterstart på KHiO. På denne sida har vi samla informasjon om viktige datoar og fristar i samband med nytt studieår.

Juli

29. Sentralbordet opnar (kl. 08:00)
29. Servicesenteret opnar

August

1. Høgskolen opnar igjen for studentar
12. Biblioteket opnar (kl. 09:00)
12. SiO-kantina opnar (kl. 08:30)
12. Verkstadene opnar for bruk (sjå eige menypunkt om introduksjonskurs)
16. Informasjonsmøte for innreisande utvekslingsstudentar (kl. 12:00-14:00 i Teorirommet)
19. Semesterstart for nye studentar
      - Avdelingsvis semesterstart for nye studentar (kl. 09:00-12:00)
      - Felles semesterstart for alle nye studentar (kl. 13:00-14:30 på Hovudscenen)
20. Informasjonsmøte for alle nye studentar (kl. 09:00-12:00 på Hovudscenen)
22. Offisiell semestermarkering/semesterfest for alle (kl. 13:00)

Viktig å hugse for nye studentar

  1. Takke ja til studieplassen.
    Du svarar på tilbodet om studieplass på SøknadsWeb innan svarfristen.
  2. Motta studentnummer og PIN-kode.
    Du får tilsendt e-post med dei første stega du må ta som ny student ved KHiO i slutten av juni/byrjinga av juli.
    Har du ikkje mottatt e-post, kontroller først spam-/søppelpostfilter før du kontaktar studentweb@khio.no
  3. Aktivere brukarkonto.
    Når du har fått studentnummeret ditt og PIN-kode må du aktivere din it-brukarkonto - også kalt Feide-konto.
    Det kan ta inntil 24 timar før du kan ta kontoen i bruk.
  4. Møt opp første studiedag.
    Det er obligatorisk oppmøte første studiedag.
  5. Betale semesteravgift frå 1. august, siste frist er 10. september.
    Du finn fakturaen i Studentweb.
    Logg inn i Studentweb med brukarnamn og passordet du oppretta då du aktiverte brukarkontoen.
    Du betalar i nettbanken din.
  6. Semesterregistrer deg innan 12. september.
    Du gjer dette i Studentweb.
    Dersom du ikkje registrerer deg innan fristen blir adgangskortet ditt stengt og du kan ikkje følgje undervisninga.

For meir informasjon om semesterregistering og semesteravgift sjekk våre intranettsider.

Introduksjonskurs og sikkerheitskurs i fellesverkstadene

12.-16. august. Ved enkelte avdelingar er det introduksjonskurs/sikkerheitskurs i fellesverkstadene denne veka. Studentar som skal være med på kurs får informasjon om dette frå avdelinga si. I tillegg kjem det informasjon om kursa på TimeEdit.

Sjå meir informasjon om og bilete av våre verkstader på khio.no

FAQ - direkteklikk

Her har vi samla oversikt med direktelenkje til ofte stilte spørsmål i samband med semesterstart:

Alle lenkjene går til intranett for studentar der du finn informasjon om internsaker som gjeld KHiO.