Semesterstart 2018/2019

Måndag 20. august er det semesterstart på KHiO. På denne sida har vi samla ulike informasjonsskriv og oversikt over viktige datoar og fristar i samband med nytt studieår.

Juli


30. Sentralbordet opnar (kl. 08:00-15:00)

August

1. Skolen opnar igjen for studentar
6. Biblioteket opnar (kl. 10:00)
13. Verkstadene opnar for bruk (sjå eige menypunkt om introduksjonskurs)
20. Semesterstart for nye studentar
23. Offisiell semestermarkering/semesterfest

Viktig å hugse for nye studentar


1. Takke ja til studieplassen.
Du svarar på tilbodet om studieplass på SøknadsWeb innan svarfristen.
2. Motta studentnummer og PIN-kode.
Du får tilsendt e-post med dei første stega du må ta som ny student ved KHiO i begynnelsen av juli. Har du ikkje mottatt e-post, kontroller først spam-/søppelpostfilter før du kontaktar studentweb@khio.no
3. Aktivere brukarkonto
Når du har fått studentnummeret ditt og PIN-kode så må du aktivere din it-brukarkonto - også kalt Feide-konto. Det kan ta inntil 24 timar før du kan ta kontoen i bruk.
4. Møt opp første studiedag
Det er obligatorisk oppmøte første studiedag. På enkelte studiar kan du søkje om utsett studiestart.
5. Betale semesteravgift innan 10. september
Du må betale semesteravgift kvart semester. Logg inn i Studentweb med brukarnamn og passordet du oppretta då du aktiverte brukarkontoen. Følg instruksjonane på skjermen. Du betalar i nettbanken din.
6. Semesterregistrere deg innan 12. september
Du må semesterregistrere deg kvart semester i Studentweb.

Introduksjonskurs og sikkerheitskurs i fellesverkstadene

13.-17. august er det introduksjonskurs/sikkerheitskurs i fellesverkstadene.

Informasjon om kurs (pdf).

Sjå meir informasjon om og bilete av våre verkstader på khio.no

FAQ - direkteklikk

Her har vi samla oversikt med direktelenkje til ofte stilte spørsmål i samband med semesterstart:

Alle lenkjene går til intranett for studentar der du finn informasjon om internsaker som gjeld KHiO.

Søkefunksjon

Alle KHiO-sider har ein søkefunksjon i toppbanneret - skriv inn enkeltord, for eksempel studieavgift, it, verkstad osv. så får du opp ei liste over stader der ordet er brukt.