Semesterslutt 2018/2019

Fredag 21. juni er det semesterslutt. Høgskolen er stengt for studentar frå 24. juni og opnar igjen måndag 1. august.


På denne sida har vi samla ulike informasjonsskriv og oversikt over viktige datoar og fristar i samband med avslutning av studieåret.

Infoskriv

Drift: Informasjon om sommerstengning, rydding og lagring 2019 (pdf)

Viktige datoar

Juni

17. Verkstader stenger for sommaren (kl. 09.00)
20. Frist for å innlevere timelønn, honorar og andre variable og manuelle bilag til utbetaling
21. Semesterslutt
21. SiO-kantina stenger (kl. 15.00)
21. Biblioteket stenger (kl. 16.00)
23. Siste frist for å rydde ut studentarbeid og garderobe (hugs retur av lånt utstyr)
24. Høgskolen stenger for studentar
24. Sørvissenteret stenger (sommarstengt i veke 26-30)
24. Sentralbordet stenger (telefonsvarar når ikkje betjent)

Juli

4. Frist for innlevering av reise og utgiftsrefusjon i ESS/DFØ-app
9. Frist for å godkjenne reise og utgiftsrefusjon i ESS/DFØ-app (leiarar)
29. Sentralbordet opnar (kl. 08.00)
31. Ryddefrist sommarstudio (etter tildelt sommarkontrakt)

Semesterstart

For fullstendig oversikt over semesterstart, klikk her.


Anna informasjon

Post og arkiv sommaren 2019

I perioden 22. juli til og med 2. august vil arkivet ikkje være tilgjengelig og det vil ikkje bli registrert post i Public360, men alle brukarar har framleis full tilgang til systemet. Dersom det kjem inn post med kort svarfrist vert ein kopi vidaresendt til rett seksjon/person, - originalen vert lagt til arkivet og i ettertid registrert i Public360. Post som ikkje skal saksbehandlast i Public 360 (som faktura, timelister, direkteadressert post, invitasjonar, spørsmål om opptak m.m.) blir som vanlig fordelt direkte til posthyller i postrommet eller videresendt på e-post heile sommaren.

Ventilasjon og kjøling

I juli vil høgskolen ha svært avgrensa drift av ventilasjon- og kjølingsanlegg, noko som betyr at lokala kan bli til dels varme. Alle tilsette må gjerne benytte sin faste kontorarbeidsplass i denne perioden, men vert oppmoda om å benytte seg av ein ledig pult inne i kontorlandskapet der store delar av administrasjonen til vanleg held til. Her vil ventilasjon og kjøling være som normalt gjennom heile juli månad, og med gode arbeidsforhold. Ta med laptopen og finn ein ledig pult, det skal leggast til rette for nettopp dette. Dette kontorlandskapet er i 2. etasje i bygg 2.3 sør – i etasjen over rektoratet.

Lønn

Oppdatert køyreplan over lønn (sharepoint)