Personalnytt – desember

Innmeldte personalendringar i desember:

Balletthøgskolen
Josephine Jewkes og Tim Almaas har begge fått opprykk frå førsteamanuensis til professor i klassisk ballett.

Kunst og handverk
Caroline Slotte er tilsett som professor i keramisk kunst i eit åremål for seks år. Ho tiltrer 2. januar og tar over etter Marit Tingleff.

Jorge Manilla Navarrete er tilsett som professor og fagområdeansvarleg for metall- og smykkekunst i eit åremål for seks år. Han tiltrer 2. januar.

Design
Kathrine Tolo startar som professor i kles- og kostymedesign 2. januar. Ho går inn i en 40 % undervisningsstilling.

Kunstakademiet
Hege Nyborg vikarierer som dekan. Stillinga er utlyst og søknadsfristen er forlenga til 3. januar.

Kommunikasjon
Anne Line Abotnes er tilsett som kommunikasjonsrådgjevar. Ho tiltrer 2. januar og vil spesielt ha ansvar for førstelinjekontakt til dei visuelle kunstavdelingane. Stillinga er eit vikariat (8 månader) med moglegheit for seinare fast tilsetjing.

Teknisk produksjon
Jim Fainberg er tilsett som seksjonssjef. Han tiltrer 10. januar.

Biblioteket
Hanne Storm Ofteland har sagt opp stillinga som seksjonssjef.