Oppsummering etter styremøte 25.10.2016

Tilsetjing av seksjonssjef for teknisk produksjon og satsingsforslag til budsjett 2018 var hovudsaker på styremøtet.

Seksjonssjef for teknisk produksjon

Jim Fainberg vert tilbydd stillinga som seksjonssjef for teknisk produksjon.

Satsingsforslag – budsjett 2018

I søknad til Utdanningsdepartementet om satsingar utanfor ramma ber KHiO om:
• 15 studieplassar til praktisk-pedagogisk utdanning knytt til dei visuelle faga
• 10 millionar kr. til eit allianseprosjekt «Kunstutdanning og kompetanser i det 21. århundre»

Tegneskolen 200 år

Styret ba KHiO sikre ei gjennomføring av jubileum hausten 2018, og at det blir arbeidd med eigenfinansiering og ekstern finansiering saman med prosjektets partnarar.

Anna

- Referat frå styremøte 06.09.2016 vart godkjent.
- Styret vart orientert om regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2017 som nå er til handsaming i Stortinget. Styret får framlagt forslag til driftsbudsjett 2017 i desembermøtet.
- Styret vart orientert om rekneskapstal for 2. tertial 2016.


Denne oppsummeringa er tilgjengeleg for studentar og tilsette på Kunsthøgskolens intranett. Til vanleg er ikkje vedtak i saker som er unnateke offentlegheit tatt med. Den formelle protokollen frå møtet vert publisert på khio.no etter at referatet er godkjent av styret.