Oppsummering etter styremøte 13.12.2016

Budsjett 2017 og rapport og plandokument var hovudsaker på styremøtet.

Budsjett

Styret fastsette driftsrammer for 2017, og opptakstal for studia som del av avdelinganes driftsbudsjett, i samsvar med framlegg i sakspapira (sak 72/16).

Direktøren får fullmakt til å justere rammene dersom det skjer endringar ved Stortingets endelege vedtak om statsbudsjettet.

Kvalitetsrapport 2016 og plan 2017

Styret tok dei framlagte dokumenta til orientering (sak 71/16).

Utlysingar

Styret vedtok å kunngjere ny stilling som fagleg leiar for kunstnarleg utviklingsarbeid og stidpendiatprogram ved KHiO knytt til rektoratet. Kunngjering av ledig stilling som seksjonssjef for bibliotek og arkiv vert utsett til neste møte.

Anna

  • Referat frå styremøte 25. oktober 2016 vart godkjent.
  • Styret fekk framlagt tilbakemelding på tiltaksarbeid etter arbeidsmiljø- og klimaundersøkinga (ARK).
  • Det vart orientert om ny doktorgrad i kunstnarleg utviklingsarbeid, PPU for visuelle fag, ny studietilsynsforskrift, rekneskap 2016, årets lønsoppgjer, innbrot og framdrift av arbeid med ny strategiplan.
  • Styret fekk også ei eiga orientering frå studentane med spesiell omtale av oppretting av studentforening og bruk av studenthuset Akers Mek.

Alle saksdokument er tilgjengeleg på khio.no


Denne oppsummeringa er tilgjengeleg for studentar og tilsette på Kunsthøgskolens intranett. Til vanleg er ikkje vedtak i saker som er unnateke offentlegheit tatt med. Den formelle protokollen frå møtet vert publisert på khio.no etter at referatet er godkjent av styret.