Oppsummering etter styremøte 07.02.2016

Ny strategi for KHiO var hovudsak på styremøtet.

Strategi 2017-2022

Styret drøfta utkastet og tok saka til orientering med dei merknader som kom fram på møtet. Saka kjem opp til vedtak i mars. I mai drøftar styret plan for implementering av den nye planen.

Årsrapport 2016

Direktøren orienterte om at administrasjonen arbeider med å endre utforminga av årsrapporten, mellom anna å tydeleggjere resultatoppnåing på fagområda. Styret vedtar årsrapport i mars.

Anna

  • Årsrapport for arbeidsmiljøutvalet 2016 vart tatt til orientering.
  • Styremøte for hausten blir 26. september og 12. desember 2017.
  • Referat frå styremøte 13. desember vart godkjent.
  • Stilling som seksjonssjef bibliotek blir lyst ut og utlysingstekst og samansetjing av innstillingsutval vart godkjent.
  • Det vart også orientert om kunstnarleg forskingsveke i januar 2017, arbeidsgruppe for moglegheitsstudie, komande sak om namnebyte for avdeling Balletthøgskolen, tilsetjingsprosess dekan Kunstakademiet, tildelingsbrev frå Kunnskapsdepartementet, vegkart (prioriterte saker) for våren 2017, førebels internrekneskap 2016 og aktuelle saker til etatstyringsmøte i mai.
  • Studentrådet orienterte om arbeidet i Studentrådet, oppretting av studentforening og oppussing av studenthuset Akers Mek.

Saksdokument til møtet er tilgjengeleg på khio.no


Denne oppsummeringa er tilgjengeleg for studentar og tilsette på Kunsthøgskolens intranett. Til vanleg er ikkje vedtak i saker som er unnateke offentlegheit tatt med. Den formelle protokollen frå møtet vert publisert på khio.no etter at referatet er godkjent av styret.