Oppsummering etter styremøte 06.09.2016

Styret har tilsett Tore Dingstad i vikariat for dekan ved Operahøgskolen. Stillinga som dekan ved Kunstakademiet er klargjort for utlysing.

Dekanstillingar

Operahøgskolen

Tore Dingstad er tilsett som vikar for dekan ved Operahøgskolen for ein periode på eitt år. Dersom han skulle takke nei til stillinga vil den bli kunngjort på nytt.

Kunstakademiet

Stillinga som dekan ved Kunstakademiet er klargjort for utlysing og innstillingsutval er nedsett. Stillinga vil bli lyst ut for eit åremål på fire år. Dekan Vanessa Ohlraun har varsla at ho er innstilt til stilling som rektor (president) ved Kunsthøgskolen i Braunschweig og at ho formelt vil seie opp stillinga ved KHiO, når tilsetjinga i Tyskland er formalisert. Dette er forventa å skje medio september.

Kunstakademiets studieprogram i Ramallah 2016-2018

Studieprogrammet i biletkunst i Ramallah vert akkreditert for det siste kullet med studentar i 2. og 3. studieår for haustsemesteret 2016 til vårsemesteret 2018. Etter dette vert KHiOs akkreditering av studieprogrammet avslutta.

Delegasjon av fullmakt

Direktør er delegert fullmakt til å gje skriftleg åtvaring til ein student som gjentekne gonger opptrer på ein måte som verkar grovt forstyrrande med medstudentars arbeid eller for verksemda ved institusjonen elles, jf. UH-lova §4-8.

Fondet for kunst- og designstudentar ved KHiO

Direktør Annemarie Bechmann Hansen er oppnemnt som styreleiar for fondet.

Arbeidsmiljøundersøkinga

Styret fekk presentert rapport frå NTNU om gjennomført arbeidsmiljø- og klimaundersøking ved KHiO (ARK) og faktaark 2 – einheitenes tilbalemelding til NTNU og evaluering. Styret ønskjer å bli orientert om oppfølging av tiltak innan utgangen av 2016.

Anna

Referat frå styremøte 14. juni 2016 vart godkjent.

Det vart også orientert om:

  • talentutviklingsprogrammet Art.Ex
  • akkreditering av KHiOs deltaking i det nasjonale stipendiatprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid (jf. brev av 29.06.2016 frå Kunnskapsdepartementet)
  • forhandlingar med Statsbygg om rehabilitering og forvaltingsavtale om Atelierhuset i Paris.

Denne oppsummeringa er tilgjengeleg for studentar og tilsette på Kunsthøgskolens intranett. Til vanleg er ikkje vedtak i saker som er unnateke offentlegheit tatt med. Den formelle protokollen frå møtet vert publisert på khio.no etter at referatet er godkjent av styret.