Omorganisering - innplassering av tilsette i nye seksjonar

Med verknad frå 1. august er fellesadministrasjonen omorganisert og dei tilsette er innplassert i nye seksjonar der det også blir etablert team.

Styret har vedtatt at fellesadministrasjonen skal organiserast i fire seksjonar. Tre av seksjonene er nye i forhold til dagens organisering, den fjerde (Teknisk produksjon) er uendra.

Under direktøren sorterer fire seksjonar:

  • Verksemdstyring
  • Studiar, forsking og formidling
  • Sørvis, brukarstøtte og infrastruktur
  • Teknisk produksjon

Under HR-portalen (innlogging via Feide) ligg meir informasjon og oversikt over den nye strukturen med etablering av team og innplassering av tilsette.