Ekstern støtte

Prosjektprogrammet - prosjektstøtte

Prosjektprogrammet er oppretta for å bidra til at fagleg tilsette ved norske universitet og høgskolar utfører kunstnarisk utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå. Kunsthøgskolen i Oslo fekk i februar 2016 tildelt kr. 5.347.000 fordelt til to prosjekt.

Les meir

SiU - Senter for internasjonalisering av utdanning

Kunsthøgskolen i Oslo mottar allereie prosjektstøtte frå SiU, og det er ei målsetjing at vi skal vinne søknadar i fleire av dei høgaste relevante programma, skildra i det følgjande. 

Les meir

Norsk kulturråd - internasjonale støtteordningar

Norsk kulturråd forvaltar viktige internasjonale støtteordningar. Viktigast for Kunsthøgskolen er Kreativt Europa, men også kulturutvekslingsprogrammet innan EØS-midlane, og Norsk-islandsk kultursamarbeid. Kunsthøgskolen i Oslo har prosjekt innan alle ordningane. Kulturrådet held fleire informasjonsmøte våren 2016, da det er store midlar utlyst i 2016, neste er 10. mars.

Les meir

Noregs forskingsråd

"Cultural heritage as a driver for sustainable growth" er eitt av temaa EU/H2020 ønskjer søknadar/forslag til no, og fram til 8. mars 2016. Kommisjonen har publisert nye utlysingar for perioden 2016-2017. Samfunnsvitskap og humaniora blir etterspurt på tvers av utlysingane for å bidra til løysingar på komplekse samfunnsutfordringer.

Les meir

OCA - Office for Contemporary Art Norway

Les meir

Utlysning av interne midlar

Kunsthøgskolen sitt styre avsett årleg ein sum til kunstnarleg utviklingsarbeid og forsking (KUF) som blir disponert av KUF-utvalet. Nedanfor finn du retningsliner for tildelingar frå KUF-utvalet, med informasjon du som søkar trenger å vite 1) før du søker, 2) i sjølve søknadsprosessen og 3) om forpliktingar ved mottatt støtte.

English version

Utlysning av KUF-midlar

Søknadsfrister
1. april og 1. oktober

Retningsliner for tildelingar frå utval for kunstnarisk utviklingsarbeid og forsking (KUF-utvalet)

Revidert etter handsaming i KUF-utvalgsmøte 23. februar 2015

Før du søker

Kva er KUF-midlar?

Kunsthøgskolen sitt styre avsett årleg ein sum til kunstnarisk utviklingsarbeid og forsking (KUF) som blir disponert av KUF-utvalet. Midlane blir utlyst to gongar årleg. Søknaden sin kvalitet blir vurdert ut frå forståinga av KUF, slik det er definert ved Kunsthøgskolen:

Ved Kunsthøgskolen i Oslo blir kunstnarisk utviklingsarbeid forstått som skapande aktivitet innan kunst og design, som bidrar til ny innsikt, erkjenning, kunnskap eller som påverkar feltet. Aktiviteten er basert på kunstnarisk og designfagleg praksis, metodar og kritisk refleksjon, og skal bli delt med fagmiljø og almenningen.

Presisering

  • Kunstnarisk utviklingsarbeid og praksis er stadig i prosess og derfor gjenstand for ei kontinuerlig revurdering i fagmiljøet.
  • Kunstnarisk og designfagleg praksis og metodar kan omfatte pedagogisk verksemd som er relevant for fagavdelingane på Kunsthøgskolen i Oslo.
  • Kunstnarleg utviklingsarbeid er skapande aktivitetar eller prosessar utført av enkeltpersonar eller grupper, kunstnarar og designarar, eventuelt i prosjekt med deltagarar frå andre fag og institusjonar.

Kven kan søke KUF-midlar?

  • Fagleg tilsette i minst 50 % stilling kan søke KUF-midlar.
  • Faglig tilsette i mindre enn 50 % stilling som har fått avsatt KUF-tid i sin arbeidsplan har høve til å søke om KUF-midler til gjennomføring av (men ikkke til frikjøp av tid til) konferanse- og publikasjonsmidlar.
  • Emeriti kan søke publikasjonsmidlar.
  • Prosjektleiar/søkar, kan dessutan søke om å inkludere mellombels tilsette, tilsette i deltidsstillingar, eksterne fagpersonar, tidligere tilsette og tilsette i teknisk-administrative stillingar.

Premissar

  • Søknaden skal oppfylle KU-definisjonen.
  • Søkaren sin eigen KUF-tid skal inngå i prosjektet.
  • KUF-midlane skal bidra til å dekke utgiftar som overskrid det avdelinganr forventast å dekke.

Føringar

  • Kunsthøgskolen oppmuntrar fagleg tilsette til å søke eksterne midlar der dette er mogleg og bruke dei i kombinasjon med KUF-midlar og fagavdelingane sine eigne ressursar.
  • Dersom eit KUF-arbeid er venta å gå over flere år, er det tilrådd å dele opp prosjektet og årleg søke om mindre beløp etter kvart som arbeidet blir utvikla.
  • Frikjøp av tid kan kun bli tildelt innanfor den/dei stillingsrammer som søkar og prosjektdeltakerane har ved Kunsthøgskolen. Det kan ikkje bli søkt om tilleggstid utover stillingsprosenten. Vidare må det avtalast med dekan korleis tida skal tas ut i forhold til arbeidsplanen generelt og undervisninga spesielt.
  • Søkarar må ha oppfylt forpliktingane til dokumentasjon og innlevering av resultatar frå tidligare prosjekt som har mottatt KUF-midlar (se kapittel 3). Avvik fra denne regelen, må grunngjevast i søknaden.

Vurdering av søknaden

KUF-utvalet vurderar prosjektet sin kvalitet ut frå definisjonen av kunstnarisk utviklingsarbeid.

KUF-utvalet ser også positivt på om søknaden:

  • har relevans for undervisninga (KUF-basert undervisning)
  • samarbeidar, internt, mellom fagavdelingane og eksterne fagmiljø
  • er forprosjekt til Prosjektprogrammet og liknande store prosjekt

Kva får normalt ikkje støtte?

  • gjennomføring av eit undervisningsopplegg
  • personleg kompetanseheving
  • konferansedeltaking, med mindre dette inngår i prosjektet det blir søkt støtte til
  • aktivitetar som allereie er gjennomført
  • betaling til eksterne for å skrive om KUF-prosjekt
  • traktering og representasjon

Søknadsprosessen

Søknadskategoriar

Det kan bli søkt KUF-midlar i tre kategoriar: KUF-prosjekt, konferanse og publikasjon.

KUF-prosjekt

KUF-prosjekter rommar alt frå mindre forprosjekt til større samarbeidsprosjekt.

Det kan søkast støtte til:

  • gjennomføringsstøtte: kjøp av varer, tenester, teknisk assistanse
  • reisestøtte
  • frikjøp av tid (må bli avtalt med faglig leiar)

Konferanse

Med konferanse forståast ein KUF-relatert fagleg delingsarena (seminar, workshop, symposium) som blir gjennomført av eit fagmiljø ved Kunsthøgskolen. Det blir forventa at Kunsthøgskolen sine eigne tilsette er aktive faglege bidragsytarar i slike arrangement.

Det kan søkast støtte til:

  • gjennomføringsstøtte: kjøp av varer, tenester, teknisk assistanse
  • reisestøtte
  • frikjøp av tid til større arrangement (planlegging, gjennomføring, oppfølging og etterarbeid)

Publikasjon

Ein publikasjon kan være ei bok, eit hefte, digitale format, nettbasert utgiving med meir, som er resultat av et KUF-arbeid. Publikasjonsstøtte blir gitt til mangfoldiggjering av eit ferdig produkt (manuskript, dummy, filmet framsying eller performance) og forutsett at arbeidet bak publikasjonen er avslutta. Ein publikasjon skal bli kvalitetssikra gjennom fagfellevurdering, av minst éin intern og éin ekstern fagfelle.

Det kan søkast støtte til:

  • korrektur, språkvask, redigering, design/layout
  • trykking, kalkyle for trykksaker skal ta utgangspunkt i et opplag på 200
  • utgifter i forbinding med bruk av kunstnerisk materiale, kjøp av rettar.

Budsjett

Budsjett skal bli satt opp i henhold til gjeldande retningsliner i Kunsthøgskolen.

  • Reiseutgifter og opphald skal bli budsjettert basert på reell, rimeleg reisemåte og nøkterne opphaldsutgifter.
  • Honorar til eksterne fagpersonar (innleiarar, forelesarar, kurshaldarar) skal følgje gjeldande satsar ved Kunsthøgskolen.
  • Honorar til eksterne for tekstproduksjon skal følge Norsk faglitterær forfatterforening sine (NFFs) satsar.

Søknadsprosedyre

  • Søk på elektronisk skjema (sjå malar øvst på denne sida)
  • Dekan skal gi ei skriftlig uttaleling om prosjektet sin relevans for avdelingen
  • Søknadar sendast elektronisk til postmottak@khio.no
  • Søknadsfristar: 1. april og 1. oktober
  • Svar på søknaden blir sendt til prosjektleiar/søkar seinast to månadar etter søknadsfristen.

Forpliktingar ved mottatt støtte

Gjennomføring

Prosjektleiar får informasjon om økonomisk ramme, budsjettreferanse og frist for bruk av midlane. Dersom prosjektet mottar vikarmidlar, disponerar dekan desse midlane.

Bruk av tildelte midlar blir ført slik:

Engelske kontrakter:

Dokument skal bli levert til KUF-rådgjevar som attesterar og sendar vidare til utbetaling.

Tildelingsperiode

Tildeling av KUF-midlar skjer for ein bestemt periode og pengane fell bort dersom dei ikkje blir brukt innan fristen sitt utløp.

Eventuelle ønskjer om utvida frist må bli fremma for KUF-utvalet som ein eigen søknad i god tid før fristen slik at han kan bli handsama før fristen sitt utløp.

Presentasjon og dokumentasjon

Alle som mottar støtte frå KUF-utvalet skal:

  • dele resultata av arbeidet med fagmiljø og omverden på dertil eigna måtar
  • registrere prosjektet og resultata i CRIStin
  • innlevere materiale til KHIODA
  • innfri krav til pliktavlevering av publikasjonar

Ved spørsmål, kontakt KUF-rådgjevar og/eller Kunsthøgskolen sitt bibliotek.

Kreditering av Kunsthøgskolen i Oslo

Ved presentasjon og formidling skal Kunsthøgskolen i Oslo alltid bli nevnt som bidragsyter, uavhengig av støttesummen sin storleik eller om støtta er gitt indirekte.

Kunsthøgskolen sin logo skal alltid bli inkludert på informasjonsmateriell, publikasjonar og nettsider. Ved utgiving av trykte publikasjonar skal det stå:

"Utgitt med støtte frå Kunsthøgskolen i Oslo" og Kunsthøgskolens designmanual skal nyttast.

Registrer ditt KUF-arbeid

Kunsthøgskolen i Oslo nyttar det nasjonale forskningsregistreringssystemet CRIStin til registrering av resultater frå kunstnarleg utviklingsarbeid og forskning.

CRIStin gir Kunsthøgskolens samarbeidspartnarar og andre interesserte innsikt i KUF-arbeidet og -resultata ved vår institusjon. Å synliggjere kva Kunsthøgskolen i Oslo gjer innan KUF er viktig. 18 av høgskolen sine 70 faglege årsverk er KUF-arbeid.

Du kan registrere dine KUF-resultatar og prosjekt i CRIStin her

Velg institusjon først, deretter brukernamn (ditt khio-brukernamn).

Passord får du frå Kunsthøgskolen sin superbrukar, hovedbibliotekar Anette Waller (kontaktinfo nedanfor).

Registrering blir gjort kontinuerleg. Planlegg når du skal gjere dette, og avtal gjerne tid med hovudbibliotekaren.

Hjelp til registrering

Ved spørsmål og hjelp til registrering, kontakt CRIStin-ansvarleg ved Kunsthøgskolen, hovudbibliotekar Anette Waller, e-post anette.waller@khio.no, telefon +47 91 33 24 34.

Oversikt over registreringskategoriar finn du her.
Her ser du kvar du skal registrere kva type resultat.

Brukarrettledning til registrering i CRIStin finn du her.

KUF-rådgjevarar

  • Dans: Espen Matheussen, e-post EspeMath@khio.no, telefon +47 94 52 33 29
  • Operahøgskolen: Linda Thu, e-post lindathu@khio.no, telefon +47 94 52 32 93
  • Teaterhøgskolen og Kunst og handverk: Kjetil Paulsen, e-post KjetPaul@khio.no, telefon +47 90 13 24 31
  • Design og Kunstakademiet: Siren Tjøtta, e-post siretjot@khio.no, telefon + 47 93 20 82 10

Nettverk innan KUF

ELIA (The European League of Institutes of the Arts)

ELIA is the primary independent network organisation for higher arts education. With over 300 members in 47 countries, it represents some 300,000 students in all art disciplines. ELIA advocates for the arts on the European level, creating new opportunities for its members and facilitating the exchange of best practices.

KUNO - An  Art Academy Without Walls

Kuno is a lively and ambitious NORPLUS network comprising 18 Nordic-Baltic fine art academies aiming to become an art academy without walls. By cooperating on a wide range of project activities, the member institutions commit themselves to the continued development of the higher fine art education in the region.

CIRRUS - Nordic Baltic Net of Art and Design Education

Cirrus is a Nordic-Baltic net of art and design education. The central activities of the partner institutions are art and design, including innovative activities, technical development and artistic practices.

CUMULUS - International Association of Universities and Colleges of Art, Design and Media

Cumulus is the only global association to serve art and design education and research. It is a forum forpartnership and transfer of knowledge and best practices. Currentløy, CUMULUS consists of 198 member institutions from 48 countries.

Ecoles des écoles

École des Écoles (EdE) is a European network focusing on teachers and students in performing arts. The network was established in 2006.

Nordplusmusic: NordOpera

The Society of Artistic Research (SAR) 

SAR is an international, non-profit organisation that nurtures, connects and disseminates artistic research as specific practices of creating knowledge and insight. SAR facilitates a range of encounters for its community of artistic practitioners in the pursuit of transformative understanding that impacts on political and societal processes as well as on cultures of research and learning.

Konferansar

Calls for papers

The 14th ELIA Biennial Conference

30 November - 3 December 2016

Florence, Italy

Nettside konferanse.

Nettside Call for presentations, deadline Jan 5th 2016. 

The Society for Artistic Research (SAR)

International Conference on Artistic Research

The Hague 28-29 April 2016

Conference theme: WRITING

Nettside: http://www.societyforartisticresearch.org/

The Journal for Artistic Research

The Journal for Artistic Research (JAR) calls for submissions from artists of all disciplines to contribute to its 10th issue. The coming deadline is Nov 30th 2015, next Febr 29th 2016.

Nettside for kalling her.

Følg med på konferansene i CUMULUS-nettverket her:
CUMULUS-conferences

Från konstnärlig högskola till universitet

Kommittén för konstnärlig forskning vid Vetenskapsrådet (Sverige) arrangerar sitt årliga symposium om konstnärlig forskning.

Högskolan i Borås 27-28 november 2014

Påmelding innen 30 september.

Nettside her.

Frågor som kommer att tas upp är bland annat: Hur hanterar man de konstnärliga högskolornas omvandling från rena utbildningsinstitutioner till kompletta universitetsmiljöer, med både utbildning och forskning? Vad sker efter forskarutbildningen? Hur bygger man en forskningsmiljö och på vilka sätt kan forskningen integreras med grundutbildningen?” Årets två plenarföreläsare är Francisca Schroeder (Queens University, Belfast) och Esa Kirkkopelto (Konstuniversitetet, Helsingfors). Konferensen riktar sig till alla konstnärliga högskolor samt andra lärosäten med relevanta utbildningar. Utöver redan särskilt inbjudna och medverkande i programmet kan varje lärosäte representeras av en deltagare vardera. Vi kommer även att upprätta en reservlista då ytterligare deltagare kan komma ifråga i mån av plats. Kontaktperson: tina.glans@vr.se

Konferensen syftar även till att visa på bredd och djup i konstnärlig forskning. Den erbjuder dig som är doktorand eller forskare en unik möjlighet att i parallella workshops presentera dina forskningsprojekt för en ny och initierad nordisk publik. Konferensspråk är engelska och de skandinaviska språken.

Vi tar emot abstracts inom valfritt tema för individuella workshops och presentationer av aktuella projekt inom konstnärlig forskning. Längden på din presentation får inte överstiga 25 minuter. Skicka abstract eller förslag på workshop på högst 150 ord till John.sundholm@ims.su.se senast den 15 september, 2014.
Kontaktperson: hans.hellsten@mhm.lu.se

TANGIBLE MEANS - experiential knowledge through materials

22-26 November 2015: Design School Kolding and University of Southern Denmark.

With the theme "TANGIBLE MEANS: Experiential Knowledge through Materials", the conference aims to provide a forum for debate about materials as a means for knowledge generation by professionals and academic researchers, exploring the role and relationship of generating and evaluating new and existing knowledge in the creative disciplines and beyond.

This conference welcomes contributions exploring and discussing materials in relation to sensuous qualities, objects, context, strategy, service, space, time, place, techniques, discipline, domain, production, sustainability, interaction, use, metaphors, imaginations, associations, reflective thinking, etc. We interpret materials here in the widest possible sense to include any kind of creative outputs in whatever formats. With this conference, we wish to explore different ways in which experiential knowledge through materials can be given more appropriate consideration within the framework of research. This may include for example investigations into the nature, aims, validity, evaluation and/or necessity of different modes of communication and exchange.

Key Dates:

Full Paper Deadline: 1 June 2015

Full papers will be between 4,000 and 5,000 words, plus references.

Full Paper Notification: 28 August 2015

Final Submission: 25 September

Read more: EKSIG 2015

The question of TIME

5-6 November 2015: The 1st PARSE Biennial Research Conference (ELIA)

Faculty of Fine, Applied and Performing Arts, University of Gothenburg, Sweden

Contributions are invited in the form of papers, presentations, artistic interventions, readings, panels, performances, public actions, screenings and workshops. We are especially interested in contributions that critically reflect upon, and/or in some way work to modify the familiar conventions of the academic paper, the panel discussion and the artist's talk.

Deadline for proposals: 1st March 2015

Publiseringskanalar

Journal for Artistic Research

The Journal for Artistic Research (JAR) is an international, online, Open Access and peer-reviewed journal for the identification, publication and dissemination of artistic research and its methodologies, from all arts disciplines. With the aim of displaying practice in a manner that respects artists' modes of presentation, JAR abandons the traditional journal article format and offers its contributors a dynamic online canvas where text can be woven together with image, audio and video. These research documents called ‘expositions’ provide a unique reading experience while fulfilling the expectations of scholarly dissemination.

While the publication of JAR6 is immanent, submissions are made through the Research Catalogue. Evaluation team see: Editors

Help with submitting, contact Barnaby Drabble: barnaby.drabble@jar-online.net

JAR is a branch of the activities related to Society for Artistic Research (SAR), which is an international, non-profit organisation that nurtures, connects and disseminates artistic research as specific practices of creating knowledge and insight. SAR facilitates a range of encounters for its community of artistic practitioners in the pursuit of transformative understanding that impacts on political and societal processes as well as on cultures of research and learning.

InFormation - Nordic Journal of Art and Research

InFormation er et tverrfaglig, fagfellevurdert tidsskrift for kunst og forskning. Tidsskriftets mål er å spre kunnskap og erfaring fra forskning og utviklingsprosjekter innen kunstnerisk praksis og refleksjon, kunstutdanning, kunst- og kulturteori og relaterte områder. Tidsskriftet retter seg mot flere kunstfag og kunstpraksiser, som musikk, visuell kunst, dans, drama og teater. Bidrag som krysser og utfordrer tradisjonelle kunstneriske og vitenskapelige grenser ønskes velkommen.

I tråd med tidsskriftets tverrfaglige fokus, ønskes bidrag fra ulike teoretiske og metodologiske ståsteder velkommen. InFormation vil ta i bruk de mange mulighetene nettpublisering tilbyr, og åpner for bidrag som inkluderer tekst, lyd, bilder og videomateriale. Tidsskriftet ønsker derfor velkommen både tradisjonelle, tekstbaserte artikler og bidrag innenfor andre formater.

Nordic Journal of Dance

Nordic Journal of Dance: practice, education and research er et samarbeidsprosjekt mellom Dans i Skolen og nordiske danseforskere, etablert i 2010 (nivå 1 for forkningsartikler). Journalen har to seksjoner: én for fagfellevurderte forskningsartikler og én for praksisbaserte artikler. Journalen opererer med en bred forståelse av begrepet dans, men tema må ha en nordisk dimensjon og et mål om å frembringe ny kunnskap. Artikler kan skrives på engelsk eller et av de nordiske språkene.

Journalen kommer med to utgaver i året og frister for bidrag er for tiden 1. februar og 1. august. Guidelines.

Kontakt i Kunsthøgskolen: Anette Sture Iversen Rådgiver, Seksjon for studier og forskning

FORMakademisk

The journal FORMakademisk is a peer-reviewed scientific forum for the documentation of design and design education research, broadly defined.

The journal is aimed at those involved in design research as defined by the higher education system in Norway and the Nordic countries. Our purpose is to present cutting-edge scientific insight in a form that is accessible to all who might benefit from this information. We also aim to bring new life to this field of research by providing overviews of high-quality literature and free access to the journal’s own articles.
We aim to become the most important academic forum for design research and artistic development in the Nordic countries. The journal is currently published in Norwegian, but there is the possibility of embracing other Scandinavian languages, as well as English.