Informasjonsmøte

Bilde: Frå State (2016), danseperformance som er ein del av  stipendiatprosjektet Affective Choreographies til Ingri Fiksdal. Meir info: www.ingridfiksdal.com
Foto: Anders Lindén

Informasjonsmøte om stipendiatopptak 2019

Kunsthøgskolen i Oslo held ope informasjonsmøte for søkjarar og andre interesserte om stipendiatstillingane og opptaket 2019.

Sjå heile informasjonsmøtet.

Tid: tysdag 4. desember 2018, kl. 17:00–19:00
Stad: Kunsthøgskolen i Oslo, Fossveien 24, Prøvesal 2.

Program


  • Orientering ved Trond Lossius, forskingssjef ved KHiO
  • Ein representant frå kvar avdeling som vil orientere om føringar for utlysningane
  • Spørsmål og svar

Deltaking i møtet er inga føresetnad for å søkje.
Informasjonsmøtet vil bli videofilma, og vil bli tilgjengeleg på nett i etterkant.
Orienteringa vert halden på engelsk.

Stipendiatprogrammet

Kunsthøgskolen er godkjent som vitskapleg høgskole med eit eige doktorgradsstudium (ph.d.) i kunstnarleg utviklingsarbeid. For tida har Kunsthøgskolen i Oslo 27 aktive stipendiatar fordelte på alle dei seks fagavdelingane.

For 2019 søkjer KHiO etter stipendiatar med gode prosjekt med nasjonal og internasjonal relevans. Vi lyser ut 6 stipendiatstillingar i følgjande fagområde:

  • Avdeling Dans (generell open utlysing)
  • Avdeling Design (fagområde kostyme)
  • Avdeling Kunst og håndverk (generell open utlysing)
  • Avdeling Kunstakademiet (generell open utlysing)
  • Avdeling Opera (spesifikk stillingsutlysing)
  • Avdeling Teaterhøgskolen (generell open utlysing)

Søknadsfrist 15. januar 2019 kl. 1300 CET - NB! alle søknader må sendast elektronisk via portalen JobbNorge

Les meir og finn utfyllande informasjon og lenkje til utlysingstekst

Vil du få tilsendt direkte informasjon med oversikt over arrangement og ledige stillingar? Meld deg på nyheitsbrevet På KHiO.